fredag 7. juni 2019

Nymåla stuetak

Den gongen vi var på visning i det som skulle bli huset vårt hadde eg fleire spontane reaksjoner, som ein gjerne har når ein på ein halvtimes tid skal avgjøre om ein skal kjøpe noko til fleirtalls millioner kroner. Det eine var: det taket i stua må vi gjøre noko med!
Men så gjekk årene og vi pussa opp absolutt alt - inne og ute - medan taket i stua var uforandra. For sjølv om det var mørkt var det fint lagt, det var god kvalitet og ja - det var ikkje så plagsomt som eg trudde det kom til å være. Ein dag las eg ein artikkel om målarar og da bestemte eg meg for at no var tida inne for å fikse taket. Det skulle ikkje platast inn med takplater, men det skulle målast. Av fagfolk.
På under ei veke hadde vi hatt inne fire ulike firma som gav pristilbod. Vi valgte det eine som kunne begynne alt veka etter!
Vi flytta ut alt av nips og bileter. Resten kledde de inn med plast. Tre dagar med arbeid og fire strøk med måling. Stua var stengt av, men det gjekk greit. I alle fall for meg som var i Oslo desse dagane.
Det var så raskt og bra gjort! Vi kjøpte nytt lys til den eine delen av stua. Og i løpet av hausten skal vi finne fram takpunktet over den andre delen av stua og kjøpe noko fint som kan lyse opp.
Her kjem det etterkvart opp eit lys i taket.
Vi er supermegagigafornøyde med lyst tak! Det var måla rett før påske, så vi er jo absolutt inne i den lyse tida no; men eg er sikker på at det kjem til å merkast når vinteren kjem igjen.
Salongen pynta til bursdagsfest. 
Nokon kunne jo ikkje brydd seg mindre om korleis taket ser ut. Så lenge teppet i salongen er på plass er det happy days.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...