tirsdag 1. oktober 2019

Gamingroom

I mars lånte storebror ut rommet sitt til overnattingsgjestar, og for å bøte litt på den sure minen "det er alltid eg som må låne ut rommet mitt" fikk han lov å velge akkurat kva rom i heile huset som han ville ligge i den eine natta! Vi hadde fått ei enkel slå-ut-seng som kunne settast overalt. Han valgte i boda.
Boda er lita, men vi flytta den hvite kommoden og satte senga under hylla. Da hadde han klaring bort mot fryseskapet på andre sida og sov riktig så godt der inne. Da slo det meg - kan vi bruke det rommet til noko anna enn det blir brukt til i dag? Kan vi sortere ut det vi knapt nok bruker, finne alternativ oppbevaringsplass til det vi framleis trenger - og frigjør rommet?
Som tenkt så gjort. Vi fylte bilen og tømte den på Fretex, og vi hang opp sekkeknaggane i bakgangen rett over kildesorteringsposane. Vi rydda litt i skapet i hallen og fikk satt inn julekakeboksane som overlevde oppryddinga. Der var det også plass til saftkoka. Tomme ting som tar plass. Vinterklær som låg i den kvite kommoden vart lagt på loftet. Det er litt meir styr å finne fram, men det trenger jo ikkje å være på tilgjengelig som det var på boda.
Mannen knakk ned hyllene, og vips såg rommet slik ut! Mot venstre er fryseskap og radonutsug, så der kan vi ikkje endre noko. Sentralstøvsugeren til høgre må også stå der den er. Eg målte rommet med to strøk i noko eg trudde skulle være ein roleg grønfarge. Den er roleg, men ikkje så grøn eigentlig.
Rommet har ikkje oppvarming, så vi kjøpte eit varmt vegg-til-vegg-teppe som ligger i heile rommet. På motsatt vegg står det ein TV som vi også fikk for slikk og nesten ingenting på finn. Benken er også laga av restemateriale.
Mannen satte opp nokon av hyllene igjen langs veggane heilt øverst for å få litt ekstra lagringsplass. Her passar eg på å holde orden slik at det skal sjå litt ok ut - i alle fall ryddig. På finn fant vi ein liten nok sofa som kunne stå ved veggen utan at døra til frysaren tar borti. Det er faktisk også ein sovesofa, men vi har ikkje brukt den til det (enda)!
Taket vart måla med noko kvit restemåling og den single lyspæra vart skifta ut med ei fin, lita lampe. Vi lot røret i taket markere grensa mellom bod og gamingrom, og måla derfor kun bort til røret. Linja er markert nedover veggen også, med måling på den eine sida - mot gamingdelen - og original farge på sida mot frysar.

Når ideen til ny bruk av rommet kom, var det for å bøte på eit sakn i huset vårt - to stuer. Storebror er glad i gaming og hadde spart til Playstation i nokre år. I mars vart han 11 år og hadde spart nok til å kjøpe. Avtalen var at vi skulle snakke om det når pengane var klare, vi ville ikkje ha PS i stua. Med gamingrom på boda vart det er rom der ein kan game, sjå film eller TV - mens stua var fri og stille. Siden sofaen er så liten er den mest egna til barn - perfekt plass til tre unger på rad, men det har også vore langt fleire der inne. Mannen har også hatt noko aleinetid der nede med fotball på TV. Vi har latt ungane sjå film der i helgene, og vi har hatt barnefilm nede og film som eg og mannen vil sjå oppe. Det er ikkje ei stue nummer to, men rommet frigjør stua vår; og det er akkurat det som er så fint! Også har vi tatt eit heilt oppbevaringsrom og gjort det om til eit oppholdsrom. DET er god utnytting av areal det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...