onsdag 4. juli 2018

Overskotsprosjekt

Når vi maler ein liten bakgang og gjør den fin(are) er det å rekne som eit overskotsprosjekt! Samtidig er vi der kvar dag og gangen og rommet innanfor er viktige delar av huset vårt. Da er det jo fint at det er fint!

I denne gangen har vi kasta alt av stort papp og elektroniske duppeditter som skal leverast inn. Kattesandboksen og søppel som skal andre stader enn i de spannene vi har rett utanfor huset. Som mellomlagringsstad fungerer den fint, men den blir så fort rotete! Og vi trenger den bakdøra! Det er ikkje gøy å trakke over hauger med papp og rot for å komme seg inn og ut. Vi må finne ei anna løysing!
Dette biletet er ganske dårlig, men det er ikkje alle bileta som lenger fungerer på portalen. Her er det veldig ryddig. Det er meir vanleg at det er papp bak mannen min, og nokon få cm golvplass langs den eine veggen. Ideen om å male den venstre veggen stammar frå i vinter. Og det tok altså to timar å male heile gangen. Så enkelt! Malinga er rester fra da eg malte barnerommet med rosa og blå skyer før ungane flytta saman der sommaren 2011. Blåfargen til venstre og rosa dør. Hahaha, kvifor ikkje!?
Gulvbelegget er faktisk nytt. Eg prøvde å få tak i ein rest sidan gangen er knapp 1x3 meter, men det fant eg ikkje fort nok. Belegget ligger laust oppå. Pappen skal no inn på vaskerommet i eit forsøk på å holde mengden nede. Der er den fortare skikkelig i vegen, noko som eg håpar betyr at vi 1)brettar den betre, og 2)kastar den oftare. Vi har tatt ut plastbeholdaren og tomflaskeposen ut frå vaskerommet og inn i gangen. De er statiske i størrelsen og vokser ikkje slik at de fyller ut golv og veggar.

Mannen hang opp ei hylle langs heile veggen. Her setter han de sure fotballskoene sine og anna dill som kun han når trenger.
Medaljeopphenget mitt som eg bestilte på e-bay for lenge sidan kan være her. Eg trudde det var kjempestort, men sidan det er så lite får berre nokon medaljar henge. Resten kasta eg da vi hang denne opp. Det må da være måte på :)

 No gjelder det berre å holde gangen ryddig og hyggelig (mogleg) å gå igjennom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...