fredag 22. juni 2018

Coming up: sommarferie

Fase en av sommarferien er i gang. Den fasen der fleire og fleire av jobbmailane ein sender ut kjem med umiddelbart svar "Jeg er på sommerferie.". Arbeidsprosesser stopper opp og sakte men sikkert sitter ein der utan arbeidsoppgaver - for det er ikkje masse ein gjør utan at andre er involverte. Ungane er ferdige på skulen, og med det har leksene forsvunnet og når middagen er ferdig trenger vi ikkje lenger å gå igjennom det som vart gjort før vi kom heim/hjelpe med det som var vanskelig/lese/oversette/signere. Vi kan drikke litt espresso og berre sitte der. Alle fritidsaktivitetane er over, så vi har ei oppgåve heile veka. Handle mat. Ellers? Fri tid. Fri og ledig tid.
Men berre sist veke var det motsatt. Innspurt på jobb og "vi må ta dette møtet før ferie, så da tar vi det no!". Lekser som verken vi eller ungane skjønte poenget med (ikkje det at vi sa det da!) og avslutninger og bursdagsfester for de som har bursdag i juli.
Det er ikkje så rart at hovudet ikkje henger heilt med. Derfor er det fint at det er slik no i nokon veker før vi begynner på VÅR ferie. Tid til å la hovud venne seg til eit lite hav av tid. Tid til å la jobb og kvardagsliv ta litt mindre plass slik at det blir meir plass til å oppleve andre ting. Det er luksus å finne i denne fasen! Før alt det gøye og mens alt det som også var gøy, men som no ein gong er kvardagen, kan lande og ligge til august.

Bileta er frå vandrande skogstur på ein sti eg ikkje har gått sidan i vinter. Skiftande vær med høljregn og vind; og så sol og varme. Eg var våt da eg kom heim, men åhh så deilig det var!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...