fredag 4. oktober 2019

Gullfjellet, 987 moh

Gullfjellet har nesten blitt litt mystisk. Heilt frå då vi skjønnte at Ulriken ikkje var det høgaste fjellet i Bergen, men det høgaste av BYFJELLENE. At det var eit anna fjell, eit godt stykke unna, som var det høgaste i Bergen kommune. Det vart ikkje enklare å prioritere ein tur der når ein av de mest turvandte vennefamiliane våre gjentatte gonger sa at de ikkje ville gå på Gullfjellet før de hadde med nødtelefon. Fjellet er nemmleg ganske så værutsatt og det er ikkje dekning der.
Med litt nervøs mage tok vi likevel mot til oss ein av de nydlege haustdagane i september. Det føltes både feil og skummelt, men samtidig - folk går jo her! Og vi er ikkje heilt ferske i fjellet!
Det vart litt av ein tur! På godt og vondt! No sitter det gode mest i, men det som ikkje gjekk så bra ligger framleis å murrer like bak. Kanskje ei hugseliste til neste slike tur er på sin plass?

1. Ta med nok mat! Nok mat er gjerne meir enn du trur.
2. Det var lurt med ekstra vatn! Hugs det neste gong også!
3. Sjekk skikkelige kart FØR turstart! Det er kjipt å gå feil.
4. Sjå på høgdeprofilen. Og hugs at når det står 5 km og 3 timer - så betyr det at det er j**** bratt. Bratt er fint for nokon, men ikkje for alle. Hugs den med kortast bein.
5. Ta med noko lett snacks som kan etast utan at heile sekken må tømmast.
6. Sjølv om ein ikkje bruker det; ta med ekstra klær. Det var godt å vite at vi hadde ekstraklær på det "livsfarlege" fjellet.
7. Snakk med folk! Ikkje alle har gått på fjellet før og kan fortelle kor langt det er til toppen, men alle er hyggelige, også får ein øvd seg på å krype ut av sin eiga boble.
8. Ta hyppige pauser så ungane ikkje plutselig får veldig nok.
9. Ta fleire bileter enn du trur kan være interessante. Slett heller etterpå.
10. Ta med nok mat!!!
For ei folkevandring! For ei utfordring! For ein magisk natur å vandre i! For nokon utsikter på veg opp, på topp og ned! For nokon sterke unger vi har! For ein positiv ektemann eg har!
Eit fjell er ikkje eit fjell. Og dagsformen varierer. Det var 22.6 grader på toppen denne søndagen. Det var faktisk så varmt at hadde det vore sommar hadde vi ikkje gått på fjellet. Men det var så rart at det skulle bli så varmt! Det var tungt å gå i steikandes sol. Vi endte opp med svært lite klær alle saman. Det gjaldt eigentlig de fleste på tur den dagen. Godt vi hadde god plass i sekken. Meir klær enn mat!
Takk for oss Gullfjellet! Du var ikkje livsfarleg i det heile tatt! Du var varm, vill og vakker!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...