torsdag 5. mars 2020

Ny dagleg spasertur

Når bussen stopper eit lite stykke unna arbeidsplassen er det høve til ein liten spasertur - to gongar kvar dag til og frå. Byen er ganske så ulik kl.06:45 og 14:30! Og når vi bytta kontorlokaler for eit halvt år sidan vart også spaserturen forandra.
Kontor rett bak Bryggen er heilt i orden! Det var fint å vandre her kvar dag. Om morgonen var det veldig stille, men enorme mengdar søppel! I begynnelsen tok eg alltid opp noko og kasta det, men det slutta eg med da det eskalerte til å ta ein del tid. Det som eg trur er nattevakten på Galleriet går rundt bygget og plukker opp søppel der kvar morgon kl.06:45. Det trengst!
På varme dagar luncha vi her - med utsikt mot takene på Bryggen. På veg til jobb gjekk eg forbi eit bakeri der det ofte lukta heilt himmelsk av nybakt! Det saknar eg litt.
Fine hus og breie fortau også like bak trebebyggelsen. Og i turistsesongen så mange folk at eg måtte rekne ekstra tid til bussen; sild i tønne altså!
Utsikta frå kontoret var derimot den verste eg har hatt - rett og slett ikke-eksisterande og rett inn i murveggen på andre sida av bygget.
Da vart det betre i de nye kontorlokalene på andre sida av byen. Framleis ikkje bra, men i alle fall himmel, lys, mennesker og litt avstand til andre hus.
Også dette da! Så langt har vi kun vore i de nye lokalene i vinterhalvåret. Innimellom har månen hengt stor og tung rett over Den Nasjonale Scene - som på dette biletet. Det enslige lyset mellom gatelyktene er altså månen; det var heilt magisk!
Blå himmel og lav vintersol på Ole Bull. Denne vegen gjennom kulturaksen er så og seie heilt rein for søppel. Det er fint!
Kvar morgon vandrar eg igjennom teaterparken; det er favorittdelen av spaserturen.
Vinterlys, reine fortau (Hotel Norge har ein ansatt som spyler fortauet kvar morgon ca kl.06:45) og roleg morgonstemning i byen.
Den Nasjonale Scene forsøpler arkitekturen sin med store plakater og støyende film. Ikkje noko eg trenger å plukke opp da. Alt i alt liker eg nok denne turen best, men det er mest fordi den er rein og kortare enn den andre. Snart skal eg ikkje lenger gå her kvar dag sidan eg har planar om alternativ transport. Vi får sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...