onsdag 15. april 2020

Jeg velger meg (begynnelsen av) april

Siden vi har hatt påskeferie lager eg to aprilbrev!
Lillesøster saknad venane sine og laga brev til seks av de som vi la i postkassene eller sendte avgårde over lengre avstand. Nabojenta kom med mange brev fram og tilbake og i mange dagar var det spanande å gå i postkassa og finne brev!
Toulouse synas det er stas med folk i hus heile dagen og har blitt ein skikkelig kosepus!
April er fin med alle årstider på ein dag. Fleire dagar vokna vi til snø! Vi har aka, surfa på snø og kasta snøballer. Og smurt oss med solkrem og svetta i solveggen.

I Mat og helse laga 6.klassingen påskemarsipan siste dag før påskeferien! Det var snadder!
 Vi avbestilte Spaniaferien vår nokon veker før påska, men det var litt rart å være heime de første dagane og vite at vi eigentlig skulle ha vore på tur. Vi utforska nye lokale turer for å ikkje trakke rundt saman med resten av Bergen. Her er vi på Algrøy i Øygarden kommune der vi gjekk opp på øyas høgste punkt, Idlefjell med sine heile 78 høgdemeter!
På tilbakevegen gjekk vi ein litt anna veg og besøkte Trollskogen.
Palmesøndag tok vi turen ut etter lunch og hadde med oss grillmat til bål og hengekøyer i sekken. Vi køyrte til Askøy og gjekk ut til Skotnes der vi campa oppå ei fjellhylle.

Heime frå dagscamp hadde det komt eit enormt påskeegg på døra frå svigers! Så kjekt!
Påskekrimen i år vart denne av Unni Lindell og Furet/værbitt av Anne Holt. Også denne dagen: siste tekopp med te frå Savannah. No har vi snart spist opp alt vi hadde med oss derfrå (vi har spara).
Skjærtorsdag gjekk turen nok ein gong utav kommunen på dagstur. Denne gongen opp på Liatårnet som er det høgaste fjellet på Sotra, 341 moh. Vi gjekk over til Pyttane der vi kunne spise lunch på ein heilt vindstille plass. Vi snakka med nokre damer som tipsa oss om ein veg vidare slik at turen vart ein rundtur i stadenfor opp og ned. Vi vandra videre og fikk oss virkelig ein lang og utruleg flott tur!

Her er vi tilbake like ved vegen opp mot Fjell festning. Her er Liatårnet til høgre og Pyttane til venstre.
På langfredag var det strålande sol! Vi gjekk opp på Gravdalsfjellet (351 moh) via Viggohytten. Vi gjekk tilbake til Viggohytten der vi møtte kjentsfolk som vi luncha to meter unna. Rart og dumt, men fint å snakke saman!
På veg ned frå Viggohytten plukka vi med oss nokre greiner så vi kunne pynte.
Eg laga Linda Stuhaug si sitronkake som vi kunne kose oss med i påskedagane.
Påskeaften gjekk eg aleinetur til Gullaksdalen i øs og pøs regnvær.
1.påskedag gjekk vi opp til Dronninga (190 moh) på Askøy. På toppen var det ein veldig flott gapahuk med bøker frå biblioteket og masse perlekunst! Det satt folk der som delte kaffe med oss; og vi hadde ei skikkelig fin pause - to meter unna kvarandre. Eg fant meg ei bok som eg kunne ta med meg heim.
2.påskedag køyrte vi til Hordnesskogen der vi gjekk blå løype på over 8 km. Vi gjekk nedom Furevika der vi fikk skikkelig sommarvibbar med sol og strand! Vi åt lunch og plukka med oss nokre fine skjell før vi gjekk vidare.


I skogen pukka eg med meg nokre hestehov som eg ikkje ser så masse av på vår side av byn. Med mange kilometer i beina var påska over for i år. Den vart heilt annleis enn vi hadde planlagt, men den var absolutt god!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...