onsdag 6. mai 2020

April part deux




Tur i strålande solskinn opp Skåldalsnipa i Arna, 602 moh. Ny fjelltopp for oss med utruleg utsikt i fleire retningar!


Årets første (andre og tredje) bad vart 20.april. Vi hadde heile vatnet for oss sjølve! Det var rart :)
Mange dagar med fantastisk vårvær! Timesvis i solveggen med gode bøker - eg fikk lest utruleg mange bøker i april! Utan reise til og frå jobb har eg mykje ekstratid kvar dag! Ekstratida går til lesing og trening. I april vart det 140 km på beina fordelt på 21 økter. Når ein er heime heile arbeidsdagen er det ekstra godt å komme seg ut.
Fjellturar og skogsturar med venninner. Vi holdt god avstand sjølvsagt.

24.april var siste heimeskuledag for lillesøster. Vi feira vel gjennomført innsats den dagen og ho fikk lage browniesmuffins. Storebror hadde "lag noko som hever" i Mat og helse denne dagen; så vi hadde skikkelig dessertbuffet etter middagen!
Vi gjekk opp på Veten i Åsane. Dette er den høgaste toppen i Åsane, med sine 486 moh. Finfin tur med variert terreng og god stemning heile vegen. Det er ikkje alltid det er det, så det set vi pris på!



Nok ein skogstur med ei venninne; denne gongen i nydleg kveldslys.
Musikkundervisninga til lillesøster er den einaste fritidsaktiviteten som ikkje har pause i koronatida. Her er ho på korpsøving. Utandørs med to meter mellomrom.
Vår i duk og serviett. Og sjølvsagt buketten som eg måtte bestille før eg fekk den levert på døra. I fjor bestakk eg storebror og ein kamerat med is slik at de skulle luke vekk alle løvetannklasane som var over heile hagen vår. De gjorde ein skikkelig god jobb, så i år har vi nesten ingen! Akkurat no når de er gule er de fine, men så snart det er over skal eg få nokon til å luke vekk. Liten innsats og stor effekt!
Dette prosjektet starta mentalt i haust, men no mot slutten av april vart det altså materialisert in real life på veggen. Her ligger det timesvis med arbeid bak! I april vart det satt eit mål om å bli ferdig 1.mai. Det gjekk ikkje, men vi er ikkje langt unna. Og med vi meiner eg sjølvsagt mannen. Eg hadde kun ideen om det ferdige resultatet.
Etter ein dårleg blåbærsesong i fjor ser det ut til at det skal bli eit knallår i år! Her er knips frå skogstur i nærleiken av huset vårt. Dette må da bli bra!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...