torsdag 8. september 2022

Heile livet på ein August


Vi fikk usedvanlig lite bær i hagen i år. Det som var å finne vart likevel hausta inn og vart til fire glass med hagebærsyltetøy. Og det som modnast etter innplukkingsdagen går i nebbet.
Vi blir invitert på storslagen middag og har med ein haustleg sommarbukett.
Etter mange år vekke er eg tilbake på kontoret med den beste utsikta!
Vi rakk akkurat å besøke Festspillutstillinga før den var over. Nydleg!
Eg var frivillig i baren da Toto var i byn! For eit band! Det gjekk i Toto heile helga - for heile familien! 
Kveldsstemning i Bergen. Det blir mørkt på kvelden, og det er ganske så fint.
Nokon har hekla små sommarfuglar og lagt de i trappeoppgangen på jobb. Superkoselig!
Siste veke i august og fem kulturopplevelser på rappen. Her bilete frå solnedgang fra Bryggen, etter kåserikveld. Dagen etter var det Griegkonsert på Torgallmenningen med BFO, før det var vandreteater med Bymuseet dagen etter det.
Vandreteaterforestillinga enda opp i den gamle brannstasjonen i byn der vi fikk sjå "hestane" og noko av utstyret de brukte under bybrannane (over 30 bybrannar i Bergens historie!) på 1800-talet.
Vi hadde middagsbesøk, og eg bakte skotske smørkjeks - som virkelig fikk bein å gå på!
Eit lokalt galleri inviterte til konsert på kaia, og eg var så heldig at eg fikk ein god stol heilt ved kaikanten!
Det har vore mykje godt vær! Eg har sykla heim frå jobb i shorts og t-skjorte; og hatt tid til førmiddagslur i hengekøya før middag. 
Denne "byhagen" fikk Bergens Beste-prisen nokre dagar etter at eg var her - heilt fortjent! For eit smykke! Vi var på veg opp til - 
Skansen for å være med på opera i kveldssola. Siste timar av august 2022.
Etterkvart vart det mørkare, og ein kunne nytte seg av lyseffektar. Dessverre var omgivelsane betre enn sjølve forestillinga; men det var framleis verdt å være der. Flaggermus, solnedgang, stjerner som dukka opp ein etter ein, og stjerneskot. Ein finfin avslutning på august!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...