mandag 8. august 2022

Juli og sommarferie

Med nesten tre veker vekkreist på sommarferie var det naudsynt med ein tur på biblioteket. Forøvrig fotografert på ein dag med sol i Bergen i juli - ikkje heilt normalen denne sommaren.

Feriestart i Oslo med fullpakka dagar for å sjå mest mogleg. Her frå Botanisk hage, kun fem minuttar unna Airbnb-leiligheta vår.
Mesteparten av ferien vår hadde vi på austkysten av Sverige. Dyrepark, 
bursdagsfeiring, 
Astrid Lindgrens Verden, 
nye perspektiver, 
rolege morgoner på sommerhytta vår i skogen, 
bading, 
åker, 
strandliv, 
Gamla Stan i Stockholm, 
fabelaktig lunchutsikt
og buss for tog på to av tre togreiser. 
Vi hadde nokre bonusdagar etter Stockholm der vi fikk bu hos venner som var vekkreist. Også her la vi oss på samme lest som de andre to vekene med strand og museer. 

Etter fleire veker med sol og varme satte vi kursen heimover med kveldsfly til Bergen. Solnedgong på veg vestover den siste timen i juli 2022. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...