fredag 7. februar 2014

... og klare for takeoff igjen.

Etter ein veldig hyggleg venninnekveld i går hadde eg akkurat sagt ha det og lukka ytterdøra da eg høyrte grining frå lillesøster sitt rom. Eg gjekk inn, og lukta stod i mot meg - vi har fått besøk av sjølvaste omgangssjuka. NEI NEI NEI! Stakkars lille som hadde kasta opp overalt i søvne! Min første tanke var at her må vi kasta genser og putetrekk, i tillegg til å barbere venstre side av hovudet for å bli kvitt kveldsmaten; men det går jo ikkje! Ein heil time tok det å rydde opp. Også lukta da! Hjelpes! Lillesøster var forvirra, trøtt og veldig lei seg - sjølvsagt! Resten av natta har ho vore hyppig voken, men har ikkje kasta opp fleire gonger.
Mannen min fyller 33 år i dag, og gåva vart å vere heime med spysjuk datter. Eg har vore så mykje sjuk sidan jul at eg måtte på jobb for å gjennomføre viktige møter i dag. No kryssar vi fingrane for at det kun var den eine spyinga og at vi andre unngår det. I alle fall ein voksen. Vi har hatt omgangssjuka alle fire samtidig ein gong, januar 2011 - og det ønskjer vi IKKJE å gjenoppleve!

torsdag 6. februar 2014

Inn for landing!

I tillegg til lønn er det svært hyggleg å få blomar for å utføre jobben sin!
Etter tre arbeidsdagar i kursmodus var det absolutt naudsynt med ein kontordag i dag. Like hektisk som kurs- og fagdagar på hotell, men med mindre mat! Dette med maten skal eg ta igjen i kveld! Mannen skal på konsert med Kvelertak i byn, medan eg og ungane får besøk av venninne/forlover/fadderflottdame! I går bakte eg Regnbogerundstykker (NAM!), og når ungane har lagt seg blir det gulrotsuppe med chilli til damene i sofaen. Eg ser fram til avslapping og god mat i godt selskap!

Og i morgon er det fredag! Det blir sushi-lunch på jobb innimellom møtene, også er det heim for å feire enn veldig kjekk mann som blir 33 år! HURRA!

onsdag 5. februar 2014

Klare sjølv!

Sjølv om målet vårt er å få fram sjølvhjulpne, reflekterte og sympatiske medlemmer av samfunnet er det ikkje alltid det kjennes like ok å la de gjøre alt sjølv. Dette kjennes på ein onsdagskveld midt på vinteren eigentelg litt ikkje ok. Storebror sin første tanke på kjøkkenet er faktisk å gjøre det sjølv. Dette fører til (frå ein sliten mamma sitt synspunkt) at han flyr mykje til og frå kjøkkenbordet. Han er ofte så opptatt med å prate at han gløymer å spise, og når ein kombinerer dette med hentepauser tar måltidet uhorveleg lang tid!
Andre gonger er det verkleg ingen problem. Det er de gongane det er helg, når vi er utkvilte, er shlækkis av typen "jada, ta den tida du trenger!", og ikkje er så stressa med å få kveldsmaten unnagjort slik at vi kan begynne å får de på badet slik at vi kan lese for de slik at de kan leggje seg slik at vi kan lage nistemat til i morgon slik at vi får laga oss kveldsmat sidan det faktisk er fem timar sidan middag og i mellomtida har vi jo vore på sats og forbrent sekshundre kalloriar og vi omsider kan settje oss i sofaen å sjå TV ein time før vi knapt klarer å holde augene oppe og berre MÅ i seng sjølv om klokka knapt er halv ti.

Ok da. Her er "vi" "eg". Mannen trener ikkje på sats, men istaden for å kollapse i sofaen går han ned i den iskalde kjellaren og studerer i tre timar. Eg bøyer meg i støvet!
Bileta er frå ein kveld i romjula. God tid. Storebror brukte tjue minutter på å lage to skiver med pålegg. Ingen problem. Det såg veldig godt ut også! Ein gong skal han få lage lunch til alle saman, for heilt ærleg - han er veldig flink på kjøkkenet! Han har berre betre tid enn oss andre.

tirsdag 4. februar 2014

Lillesøster si yndlingsbok

Lillesøster leser til den eine babyen sin.
Sidan eg er i ei lesefase no med bokanbefalingar, skal lillesøster få komme med sitt hottaste tips for prinsesse- og litteraturinteresserte småunger. "Hvorfor de konglige ikke går med krone på hodet" av prinsesse Mædtha (seiast med blærete austlandsdialekt) og med gøye og reine illustrasjonar av Svein Nyhus.
Det er ein del tekst, så eg leser ved å fortelje historia (meir eller mindre) og snakke om bileta. Lillesøster er veldig fasinert av krona som lille Olav har på hovudet, til og med når han bygger snømann! Ho elsker denne boka! Den er lånt på biblioteket, og kjem nok til å bli lånt igjen. Eg liker den også, i alle fall min forteljerversjon som er kortare og ikkje like full av straff og krisestemning over kroner som blir øydelagte! :)

mandag 3. februar 2014

Tøffe-tøffe-toget

I dag tøffer eg meg avgårde til Voss. Ein skikkelig husmorferie MED betaling! Jadda - så er det ein jobbtur da, men ei natt på hotell med hotellmat i alle retningar er husmorferie god som nokon!
Eg liker å køyre tog! Dette innlegget skriver eg i førkant, og eg gler meg skikkelig til å sittje på toget inn mot Voss med ein pappkopp kaffe og nyte det å vere på veg! Sjølv om det "berre" er til Voss!

Accept this moment as it is and be in peace. Yogitevisdom. Gotta love it!

Viste du at når du følgjer pusten din inn og ut er du i augeblikket? Det er ikkje verre enn det.

søndag 2. februar 2014

Grilling i skogen

Søndag for to veker sidan inviterte vi ein vennefamilie til skogs for å grille søndagsmiddag og leike i snøen. Eg og storebror laga dessert - eplekake. Det er første gong eg har laga, og eg brukte familieoppskrift som så lang eg veit kjem frå ungane si oldemor på farssida. Fantastisk god! Eplene skulle sikkert ha vore skrella, men det steget hoppa eg vist over! God vart den i alle fall - uansett!
Pølser og pinnebrød! Enkelte rakk knapt å få pølsa på grillspydet sitt før den vart spist opp, medan andre veksla mellom direkte og indirekte varme og fikk skikkelig resultat! Men mette vart vi, heile gjengen!
Når lillesøster først hadde begynt å spise slutta ho liksom aldri - og vart både kald og tanken grinete mot slutten. Vi helte innpå med eplekake og kakao, så tissa ho i snøen, og PANG så var humøret på topp igjen!
Vi må verkeleg grille middag på bål litt oftare!

*og tisse i snøen

lørdag 1. februar 2014

Venner på besøk

Lillesøster har besøk av ei av bestevennene sine frå barnehagen for nokre veker sidan.
Småsøsken blir gjerne introdusert for livets gode sider når de er yngre enn det den eldste i familien var første gong - som til dømes laurdagssnop, dataspel, tur i skog og fjell, og vennebesøk. Dette gjelder i alle fall for oss. Storebror begynnte med vennebesøk for rundt eit år sidan, og lillesøster som er to år og fire månader yngre begynte eit halvt år etter. "DET GÅR ANN! Eg også vil!" Det er sjølvsagt superkosleg, men det er meir ansvar å ha ein treåring på besøk enn ein som snart er seks. Lillesøster har heller ikkje så ofte besøk som storebror - men eg trur ikkje ho teller!

Puste er tøff og tørr å ta imot snop frå to småjenter!
I dag har ho besøk av ei venninne som ikkje berre er tre år, men i tillegg har diabetes type 2, så du må tru eg går på nåler! Foreldrene var rolege da de leverte - blodsukkeret var fint og litt høgt slik at ho skal klare seg fint i to timar her hos oss. Så da går det heilt sikkert fint! Om det ikkje gjør det har vi ikkje mindre enn to akuttsjukepleiere som naboar, og eg er ikkje redd for å ta de i bruk! Neida - vi har syltetøy i kjøleskapet - eg har skjønt det slik at det sikkert fungere betre :)

Neida. Eg slapper av eg altså.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...