fredag 21. februar 2020

Nymåla stue

Fargane i huset vårt var heilt nøytrale og fine da vi flytta inn i 2010, så vi har ikkje kjent på at vi berre MÅ måle om! No har vi gjort det i de fleste rom, men stua har vore ok. Men da eg ville bytte ut nokon bilder på stua såg eg at her var det så store fargeforskjeller at om det skulle flyttast på noko måtte vi måle.

FØR
Bak det runde biletet var veggen ganske så mørk. Eg og lillesøster kasta oss rundt (etter at eg hadde brukt nokre veker på å bestemme den nye fargen) og handla måling som stod klar i kjellaren til ein dag (eller nokon dagar på rad) det plutselig viste seg å være tid og ork til å måle stua. Vi har måla mange rom, men stua er liksom ekstra viktig - her er vi, og andre mennesker, masse. Det bør være bra!
Fargen som var der var nok ein lys caffelatte, eller en naturkvit. I masse lys var den kvit, og i mindre lys gul.
Ikkje lenge etter at måling, maskeringstape og ruller var i hus fikk vi ånden over oss og satte i gang. Etter arbeid ein dag gjekk alt ned frå veggane og møblar vart dratt inn i midten av rommet. Alle hol vart tetta, og det var fint! De som budde her før hadde ein del på veggane, så mykje av det vi hadde satt opp var der for å dekke desse hola - ikkje fordi vi ville henge noko akkurat der. 100 meter markerinstape vart klistra opp. Vi var klare for måling neste morgon!
Vi lot alt stå medan vi måla. Litt knotete, men mindre jobb enn å flytte alt ut av rommet. Stua er 30 kvadrat og vi tok to strøk på ein dag sidan det tørka så fort. Vi måla med LADY Pure Color Veggmaling 1269 DEMRING. Vi begynte på samme stad og gjekk rundt stua til vi møttes igjen. Etterpå bytta vi veg. Tanken var at evt slurvemåling skulle rettast ut ved at to ulike mennesker måla samme stad.
ETTER
Det var jo så effektivt å måle! Eg skjønnar ikkje kvifor vi ikkje har gjort det før! Den nye fargen, akkurat som den forrige, endrar seg mykje i lyset. No har vi kun hatt den i vintermånadane med lite naturleg lys, men her ein dag fikk eg bilete av veggen med låg vintersol på seg! Til ein anna gong prøver vi å hugse at det er lurt å måle på sommaren medan det er lyst. Til tross for arbeidslys er vi ikkje heilt 100% fornøyde med rullejobben alle stader.
Med nøytralt bakteppe vart plutselig alt det gråe (sofa, teppe, sjeselong, katt) veldig grått! Men vi kan ikkje bytte ut de store møblane kun for at vi har ny veggfarge. Vi får heller ha fargar på andre ting - med den nye fargen på veggen synas eg alt passar inn!
Vi bestilte spesialtilpassa skinner til taket i den kortenden med mykje glass og fekk sydd gardiner til i eit tjukt stoff. Skinna var 4 meter lang og kom i eit heilt stykke som vi måtte hente! Heldigvis hadde mannen firmabil akkurat den dagen. Leafen vår har ikkje sjanse!

Vi har hatt vanleg gardinstang her før vi måla, no fikk vi altså opp ei skinne som går langs heile kortsida. Gardinene er tre meter slik at de dekker vindauget og døra når de er trekt for. Ellers (og det gjelder 99,9% av tida) henger de på den meteren som ikkje har vindaug. Dette synas eg balanserte veggen veldig bra - og kven veit vel kvar vindauget sluttar?
Vi endte også opp med å snu sofaen slik at vi no ser ut; altså ikkje sitter med ryggen mot lyset. Her visast også det som starta det heile: bileta. Vi bytta ut lampene på  veggen med nokon svarte som passar samen med det nye takpunktet på denne delen av stua.
Vi monterte altså eit takpunkt ekstra. Til no har vi kun hatt eit takpunkt, og det var i den andre delen av rommet. Heilt fint på sommarhalvåret - noko mørkt på vinterhalvåret. Alle lysene har dimmarar - og det benyttar vi oss masse av! Eg er så fornøyd med det!
Utgangspunktbiletet over sofaen har blitt flytta. Biletet kjøpte vi da vi flytta inn i vår første eigde leilighet i 2007, Birdgirl frå Savannah, hekla duk frå mormor og blomar :)

onsdag 19. februar 2020

Kvardagsmerkedag

Dette er jo ein heilt vanleg dag for alle. Også for meg. Men det er også dagen da det som skulle være ei unntakstilstand (kor lenge kan ein kalle det for unntakstilstand?), men som varte i 4 månader, er over. Kanskje blir det nokon avsluttande e-postar i dag (og sikkert fleire enn eg kunne ønske), men frå og med i dag er det nye arbeidsoppgåver på jobb. Gjett om det er fint å endeleg komme hit! Eg tar med meg det eg har lært frå perioden og gler meg til å jobbe langsiktig igjen!

mandag 3. februar 2020

Lang januarmånad og korte dagar


Når Toulouse er midt i vinterpelsen sin er han så fluffete at det ikkje går an å gå forbi han utan å ta på han. Han er eit støkke katt altså! Brei som ei låvedør. Ekstra brei med all den pelsen!
Det er tungt å begynne på'n igjen etter ein lang juleferie. For store og små.
Juletreet fikk stå til litt inn i januar. Det er så koselig. Også blir det så romslig når vi pakka det vekk. Og den romsligheta er fin å vente på.
Levande lys, opent vindauge (fordi det innimellom er ganske så mildt i januar) og ein roleg ettermiddag.
Også nattens konge som brukar store deler av dagen på å hente seg inn igjen. Ingenting er som litt pels på ull.
Turar ut i lyset i helgene er eit must på vinteren! Og alt no kan vi sjå at det blir litt og litt lysare utover ettermiddagen! Det går jo så fort!
Solnedgangsjoggetur før middag. Da veit du at det er vinter!
Vi fikk omsider prøvd Jamie Olivers Italian som har komt til byn. Kjempegod mat og den beste limonaden vi har smakt!
Ballettshow med lillsøster på scena i byens storstue, Grieghallen.
Eg holdt to foredrag i fine historiske lokaler. Både eg og mannen har hatt tøffe arbeidsveker i januar med mykje jobb og kryssande krav - så disse foredragene hadde eg eigentlig ikkje tid til. Men det er jo så gøy!
Spasertur gjennom Nygårdsparken på veg til møte. Det er som å være i ein anna by!
Laurdagskveld med grandis, kakao og spel!
Søndagstur opp Stoltzekleiven og bort til Fløyen. Her fra Trollskogen.
Lillesøster gjorde comeback i musikkorpset. Denne gongen med nytt instrument: trombone!
De nye søylene på Torgallmenningen blir satt opp - og det blir så fint!
Vi var i Grieghallen igjen for å høyre Bergen Filharmoniske Orkester og miljøkonserten Sustain. Dette var ein familieforestilling og ungane hadde levert inn bråkete leiker på førehand. Dessverre såg vi ikkje igjen akkurat de leikene vi hadde levert inn, men konserten var god likevel!
Vi inviterte venner på besøk for å feire at det er 10 år sidan vi flytta inn i huset vårt! Vi serverte pinnekjøtt til middag og appelsinbrownies til dessert. Nam! Tenk at vi har budd her i ti år!
Månaden vart avslutta med kortison og sjukdom. I den rekkefølga.
Mitt i sjukeperioden måtte eg på jobb for å gjennomføre eit prosjekt eg har planlagt i halvanna år. Dagen var veldig vellykka og til tross for laber form satt eg og kjente på viktigheta av tema vi jobba med. Dagen markerte også på mange måtar slutten (eller begynnelsen på slutten) av eit fagfelt eg har jobba med sidan 2017. Det var fint å avslutte på toppen!

tirsdag 7. januar 2020

Jula 2019

Med heile to vekers ferie til å feire jul og nyttår, samt finne lys og luft i dei mørkaste månadane i året, vart det tid til mykje! Første arbeidsdag etter ferien hadde eg gløymt både koden til ytterdøra og passordet på PC'en.
Vi oppdaga julepynt som vi kjøpte i USA, lagt vekk og gløymd! Denne er frå New York.
Men det meste kom frå loftet!
Her er årets kortaste dag, årets lågaste sol. Og biletebevis på at vi har sol på huset året rundt! Om enn litt kort 21.desember.
Siste søndag i advent gjekk vi opp på Fløyen i strålande (og varmande) solskinn for å få med oss at de tente siste lys i adventsstaken som er synleg frå heile byn. Med så mykje sol og lys kunne vi ikkje sjå at eller om de tente det fjerde lyset, men det gjekk heilt fint! Akkurat denne dagen var det rekordmange som ville få med seg lystenninga og det var så stemningsfullt! Vi hadde med fleire venner og hadde det som plommen i egget med varm drikke og julekaker.

Vi måtte sjølvsagt besøke klatrestativet på Fløyensletten, og sjå på juletreskogen før vi gjekk ned igjen. Lillesøster likte særleg denne turen siden den var så kort.

Førjulskveldsmat med min første Smørgåstårta.
Julaften med tradisjonsTV, kyrkje, julemat og gåver til alle!
I romjula gjekk vi opp på Lyderhorn i 17-tida for å teste ut de nye hodelyktene våre. Det var ikkje alle som var like fornøyde med lyset - og kombinert med masse vind var det ein fantastisk tur for nokon, og "verdens verste tur" for nokon andre. Som i fjor var det nokon som hadde pynta eit juletre på vegen opp!
Rekordmasse regnvær var det fleire gongar i jula. Her frå våt tur i Gullaksdalen for å sjå kor høgt vatnet var blitt.
Florøtur i romjula der vi gjekk i Barnekjippen. De av oss som var vokne fikk også med oss Kjippen som går ved midnatt.
I leigd Tesla på veg heim til Bergen - rett før nok eit regnvær - men låge nok skyer til å nyte naturen til Vestland.
Kartet i Teslaen hadde ikkje fått med seg at vi no ikkje lenger heiter Sogn og Fjordane og Hordaland, men Vestland.
Nest siste feriedag, langt uti januar nesten, gjekk vi opp på Lyderhorn igjen. Men denne gong på dagtid for å nyte det magiske vinterlyset. Vind og snø. Lys og reinspikka turlykke på heile gjengen! Velkommen 2020 - du blir fin!

tirsdag 31. desember 2019

Nyttårsforsetter 2019

Vi bruker å ha nyttårsforsetter - og da gjerne familieforsetter. Dette begynte vi med medan ungane var heilt små! Eg meiner det første, eller eit av de første, var å tørke av bordet etter kvart måltid. Vi var DER! Ikkje berre rydde av, men tørke også!
Etter kvart har det blitt meir overskuddsforsetter. Ved middagsbordet på nyttårskvelden i 2018 tok vi ei runde rundt bordet. Alle fikk seie to ting vi skulle gjøre saman i 2019 - også skulle det bli gjort! Alle åtte ønskene vart skrive opp og hengt opp bak kalenderen vår! Kjør på!
Mitt eine ønske var å ta turen til Lysøen igjen. Her var vi da ungane var veldig små. Vi reiste i høve Lysøen Rundt som tok oss med på de nydlege stiane med kvit sand som snirklar seg rundt på øya. Det var ein slags natursti med påfølgane pin i premie til alle! Og is :) Vi hadde nydleg vær og hadde med oss venner; for ein fin dag det var!
Mitt andre ønske var å besøke Aboretet - også "igjen". Sist vi var der var i 2011, og lillesøster kunne knapt nok gå! Vi var med på Japandag i Japanhagen og følte nesten at vi var i eit anna land! Vi køyrte nærmare Blondehuset etterpå og gjekk rundt i området der for å sjå etter mogleg teltplass.
Mannens eine ønske var å besøke Høyt og Lavt som har vore i Bergen i åresvis utan at vi har tatt turen. Det var kjempegøyt, utruleg tungt og rett og slett ein morsom opplevelse! Det andre ønsket var at vi omsider skulle komme oss opp på det høgaste fjellet i Bergen kommune, nemmleg Gullfjellet på 987 moh. Den turen skreiv eg om her.
Storebror sitt eine ønske var å besøke Naturhistorisk museum som har vore stengt for oppussing sidan han var langt nedi barnehagealder. Det opna no i haust, og vi var der litt på tampen av året; eit stykke uti desember. Det har blitt så flott! Vi hadde ein kjempefin og innholdsrik dag i dette praktbygget!
Storebror sitt andre ønske var å overnatte ute i telt og hengekøye. Det vart det ikkje noko av. Vårens pollensesong stoppa all uteaktivitet for meg i vekesvis, og da hausten var komt var det ikkje godt nok vær de helgene vi var ledige til at vi fikk gjort det. Vi hadde oss ei natt på hotell i stadenfor.

Lillesøster sine ønsker var av den enklare sorten. Ein tur på kino og ein tur på badeland. Kino har vi gjort nokon gonger i år, medan badelandturen vart gjennomført heilt på tampen av året - 23.desember! No hadde vi da bada oss igjennom sommaren, men det er ikkje det samme. Her fikk vi alle fall bekrefta hennes meining om at vi "aldri" går på badeland. Det ser nesten slik ut!


Vi seier oss i alle fall i mål (med ein tilpassing) med årets nyttårsforsetter og kjører ny runde i 2020!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...