tirsdag 31. desember 2019

Nyttårsforsetter 2019

Vi bruker å ha nyttårsforsetter - og da gjerne familieforsetter. Dette begynte vi med medan ungane var heilt små! Eg meiner det første, eller eit av de første, var å tørke av bordet etter kvart måltid. Vi var DER! Ikkje berre rydde av, men tørke også!
Etter kvart har det blitt meir overskuddsforsetter. Ved middagsbordet på nyttårskvelden i 2018 tok vi ei runde rundt bordet. Alle fikk seie to ting vi skulle gjøre saman i 2019 - også skulle det bli gjort! Alle åtte ønskene vart skrive opp og hengt opp bak kalenderen vår! Kjør på!
Mitt eine ønske var å ta turen til Lysøen igjen. Her var vi da ungane var veldig små. Vi reiste i høve Lysøen Rundt som tok oss med på de nydlege stiane med kvit sand som snirklar seg rundt på øya. Det var ein slags natursti med påfølgane pin i premie til alle! Og is :) Vi hadde nydleg vær og hadde med oss venner; for ein fin dag det var!
Mitt andre ønske var å besøke Aboretet - også "igjen". Sist vi var der var i 2011, og lillesøster kunne knapt nok gå! Vi var med på Japandag i Japanhagen og følte nesten at vi var i eit anna land! Vi køyrte nærmare Blondehuset etterpå og gjekk rundt i området der for å sjå etter mogleg teltplass.
Mannens eine ønske var å besøke Høyt og Lavt som har vore i Bergen i åresvis utan at vi har tatt turen. Det var kjempegøyt, utruleg tungt og rett og slett ein morsom opplevelse! Det andre ønsket var at vi omsider skulle komme oss opp på det høgaste fjellet i Bergen kommune, nemmleg Gullfjellet på 987 moh. Den turen skreiv eg om her.
Storebror sitt eine ønske var å besøke Naturhistorisk museum som har vore stengt for oppussing sidan han var langt nedi barnehagealder. Det opna no i haust, og vi var der litt på tampen av året; eit stykke uti desember. Det har blitt så flott! Vi hadde ein kjempefin og innholdsrik dag i dette praktbygget!
Storebror sitt andre ønske var å overnatte ute i telt og hengekøye. Det vart det ikkje noko av. Vårens pollensesong stoppa all uteaktivitet for meg i vekesvis, og da hausten var komt var det ikkje godt nok vær de helgene vi var ledige til at vi fikk gjort det. Vi hadde oss ei natt på hotell i stadenfor.

Lillesøster sine ønsker var av den enklare sorten. Ein tur på kino og ein tur på badeland. Kino har vi gjort nokon gonger i år, medan badelandturen vart gjennomført heilt på tampen av året - 23.desember! No hadde vi da bada oss igjennom sommaren, men det er ikkje det samme. Her fikk vi alle fall bekrefta hennes meining om at vi "aldri" går på badeland. Det ser nesten slik ut!


Vi seier oss i alle fall i mål (med ein tilpassing) med årets nyttårsforsetter og kjører ny runde i 2020!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...