onsdag 1. juli 2020

Juni



Sommarblomar over heile hagen! 


Varme dagar på heimekontor. Alle vindaug og dører står på vid vegg og ein is i 13-tida blir heilt naudsynt!


DNS hadde forestillinger med kun 50 i salen. Eg og mannen fikk endelig med oss Namnet som vi gjekk glipp av i vår. For ei fin forestilling!


Pre-bursdagsfeiring for lillesøster som fyller 10 i sommar! Sitronkake og blå pikekyss var på bestillinga. Vi hadde alle jentene i kohorten på besøk i hagen der de grilla pølser, bada, telta og krangla i trampolina.




Nydlege solnedganger! Vi sitter ute heilt til sola har gått ned.


Toulouse ser vi ikkje mykje til når det er så varmt. Her joina han oss i Oslo, øverst i hagen, i kveldssol.


Heildagscamp på "hemmeleg" øy. Grillmat på pinne til middag, masse bading og lesing (og øyutforsking) før vi åt rett-i-koppen til kveldsmat med denne utsikta:


Det var visst fleire som kjente til den hemmelege øya vår. Etter kveldsmat pakka vi saman og gjekk heim. Ein fin mellomting de dagane/nettene ein ikkje kan sove ute.

Vi olja verandaen vår. Ubehandla nederst (eller behandla-for-fire-år-sidan), vått i midten og tørka øverst.

Eg og mannen reiste til Eidfjod ei helg.
Cider frå Hardanger på hotellrommen med DEN utsikta!
Vøringsfossen - 182 meter fall. Enorme vannmengder! Det var laga fine områder ein kunne gå på for å sjå den frå ulike vinklar. Og vi var faktisk nesten heilt aleine!
Hotellet vi budde på i Eidfjord.
På veg opp mot Kjeåsen. Det vart for varmt til å fullføre turen, men vi gjekk halvvegs opp og fikk smake på den svarte kategorien av fjellturar!
Lunch downtown Eidfjord!
Når ungane er vekke ei heil veke er det ryddig nesten heile tida!
Venninnebesøk med te, kjeks og strikketøy.
Den einaste dagen med regn (kjennes det som) måtte eg ut og nyte været. Lavt vatn!
Nok ein solnedgang vart nytt frå fluktstol i "Oslo".      
Rosene eg kjøpte på 75% på Plantasjen seint i fjor haust blomstrar kjempefint og lukter heilt fantastisk!

mandag 8. juni 2020

Kom mai du skjønne milde

Det er ikkje mykje stess å finne i denne kroppen som ligger her! Det er ikkje så mykje stress hos oss utan pels heller - aldri har vel ein vanlegvis tettpakka mai vore meir schlæk? Når arbeid og skule er over er det KORT veg heim og eg nyter framleis god tid og ekstratimar kvar einaste dag!
Vi tok oss ein lengre familiesykkeltur heilt til Lyreneset friområde. Der hadde de mellom anna hengt opp fine stolar som ein kunne slappe av eller snurre i. Nydleg utsikt og mykje fint å sjå på. Sjølve sykkelturen var ein liten katastrofe med fleire fall, ein dritsur unge, ei punktering og fleire hjartet-i-halsen-opplevelser enn nokon av oss har godt av. Vi vart enige om at neste sykkeltur skal være i par. 4 saman på hjul klarer vi ikkje så bra.


Eg måtte kaste yndlingstreningsskjorta mi etter at den rett og slett ikkje blir velduftande og rein lenger. Trist - derfor måtte eg ta bilete av den etter siste løpetur (det er godt vi held avstand til kvarandre). Men før den gjekk i bosset vart den brukt til å plukke opp ei død spissmus. Vemodig avskjed og praktisk sans.
Lillesøster gjekk heilt tom for sorterte perler og det er for mykje jobb å sortere de tusenvis av miksa perlene vi har. Kjør på med perlekunst!

8.mai og 17.mai! Hurra, hurra!
Sol, varme og bading!

Konferanse på kjøkkenet medan eg laga middag.
Den spede start på eit heilt hav av agurker!






torsdag 4. juni 2020

Nytt kjøkken!!


Kjøkkenet frå 1995 var i heiltre og for godt til å kvitte seg med sånn heilt med det første vi flytta inn i 2010. I 20eitelleranna lakkerte vi det hos kjøkkenlakkerer, og da vart det så fint at vi lot det være i fleire år. 
Men det siste året har benkeplata blitt verre og verre; svart og ekkel rundt vasken, umogleg å få rein andre stader - og berre ikkje så hyggleg å lage mat på. Kantlista på benkeplata begynte å smuldre litt og flasse måling. Fleire av dørene begynte å henge litt i hengslene - og til saman rett og slett -  bestemte vi at det var på tide å pusse opp. Bytte kjøkken.

Kjøkkenet hadde ei lita halvøy som var super på mange måtar, men var også eit ruskeoppsamlingspunkt i tillegg til at det stengde av spisedelen slik at vi ikkje kunne utvide spisebordet vårt så mykje som vi etterkvart som ungane våre og venners unger vokser trengte.

Bileta av gamlekjøkkenet tok eg og la ut på finn.no for å sjå om nokon ville ha det gratis mot at de demonterte det. Det var det og på to dagar vart kjøkkenet demontert og flytta til Sotra. Det var godt å kvitte seg med det på den måten; det var jo eit bra kjøkken!


Det var ikkje lett å bestemme seg for front, og sjølv om eg ikkje ville ha det kvitt vart det kvitt, med noko svart. Derfor ville eg i alle fall ha ein farge på veggen! Her har vi malingsprøver slik at vi kunne sjå kva vi likte best.
Før demontering måtte sjølvsagt alt tømmast og vaskast.
Halvvegs demontert kjøkken etter dag ein.
Tomt rom som er klart til oppstart. Kjøkkenbordet og kjøleskap var flytta inn i stua.
Under golvet var det fint tregolv. Nye Walls2paint på veggane som vi måla med to strøk.
Govlbelegg vart rulla ut og førte til at vi måtte måle kjøkkenet ein tredje gong sidan det var komt stygge merker oppetter veggane.

No måtte vi dekke det nye golvet med plast!
Godt over 1000 kg IKEA-kjøkken vart bore inn av sterke folk. Vi bur midt i ein bakke, så de fikk virkelig prøvd seg nedover bakken og inn på kjøkkenet! No var det koronatider og dette vart levert siste dagen de fikk lov å komme inn i husene til folk. Flaks for oss!
Kjempeflinke folk var her i nokre dagar og monterte heile kjøkkenet til oss! No var det gått nokre veker sidan kjøkkenet vart demontert og vi gleda oss til å få tilgang på komfyr og ovn igjen! Vi hadde lagt inn litt ekstratid til moteringa, slik at den skulle være heilt ferdig før benkeplata skulle bli målt opp. Benkeplatefolka trengte ekstra tid enn planlagt til å gjøre klar plata, så der gjekk heile påskeferien. Men dagen før påska flytta vi alt innpå kjøkkenet igjen, og hadde i alle fall meir plass på stua, steikeovn og mikro.
Her er litt av benkeplata på plass. De monterte også vasken, men der måtte vi vente litt med å bruke for at limen skulle tørke. Platetoppen kom også på plass. Vi fikk tilbake både rørlegger og elektriker for å fullføre no som kjøkkenet var på plass. Da fikk vi jo vatn i vasken, lys i taket og lys under overskapene.
Etter tre kjøkkenplanleggingsmøter på IKEA i januar, oppussing i februar, mars og april - fikk vi omsider på plass det siste i mai: skyvedør! Kjøkkenet er nytt, men ganske likt det forrige synas vi. Det er så mykje vi digger med kjøkkenet, og nokon ting vi saknar med det gamle. Dessverre klarer eg ikkje å legge fleire bileter til innlegget, så ferdigbileter av kjøkkenet får eg rett og slett ikkje lagt ut!

onsdag 13. mai 2020

Ballett-tristesse

I dag hadde eg og mannen billetter til Svanesjøen i Grieghallen. Men så med så masse anna er også dette utsatt. Det er eg lei for - eg hadde gleda meg skikkelig! Det var også markering av den siste bursdagen min i 30-åra. Men nei. Og - men snart. DA! Da skal eg få sjå ballett igjen! I haust om alt går etter planen. Heldigvis har vi ein liten ballerina i huset som også saknar ballett og øver masse. Det kan vere eg får ein one-night-only med husets prima ballerina. Det blir også fint! :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...