torsdag 28. februar 2013
Rufsetufs
I dag vokna også dette rufsehovudet opp med feber. Da er tre nede for telling - og ein (underteiknande) må holde fortet oppe og hjulene i gang. Min form blir heldigvis ikkje verre, så da er det håp i hengande snøre. Mest synd er det på mannen min som er sjuk sjølv og heime med to sjuke barn. Da eg gjekk på jobb i dag tidleg låg alle tre i sofaen med tepper og kalde kluter på panna og var klare for å sove litt (enda klokka kun var litt over 07.30). Sjølv om eg veit at de blir tatt godt vare på av mannen stikker det alltid litt i hjarte å forlate huset når de er så sjuke. Huff:(
onsdag 27. februar 2013
Yoga
Etter at eg var uheldig på fjellet i desember har eg gått til fysioterapaut for å løsne opp rygg og nakke. I tillegg til behandlingane der har eg fått eit treningsopplegg som eg gjør heime. Det inspirerer også andre i familien å ta nokre øvelser:)
Også med den flotte kveldssola ute - og Lille Jack (ny barneTVfavoritt!) på TV.
Sprekingen her er heime i dag med vond hoste saman med mannen som har influensa. Vi hangler meir eller mindre alle saman, får tru det går raskt over!
I går fikk eg raska litt i blomsterbedene. Ei heil trillebår vart full med rusk og rask - og eg såg at vi hadde fleire irrgrønne spirer som no har fått litt meir luft. Velkommen vår!
Også med den flotte kveldssola ute - og Lille Jack (ny barneTVfavoritt!) på TV.
Sprekingen her er heime i dag med vond hoste saman med mannen som har influensa. Vi hangler meir eller mindre alle saman, får tru det går raskt over!
I går fikk eg raska litt i blomsterbedene. Ei heil trillebår vart full med rusk og rask - og eg såg at vi hadde fleire irrgrønne spirer som no har fått litt meir luft. Velkommen vår!
tirsdag 26. februar 2013
Første fjelltur i 2013
Hadde vi faktisk i tidleg i januar! Vi tok med oss våre svenske venner på ein barnevennleg tur opp på eit lokalt "fjell" - eller topp som vi ville ha kalla det - vi med voksne bein. I Sverige er det hvist kun de mest interesserte som tar med seg unger på fjellet, det er rart for oss innbarka nordmenn å tenkje på!
I alle fall når sola steiker frå skyfri himmel og ein har utsikt over store deler av Bergen kommune og nabokommunane i vest når vi har nådd toppen! Dette er fantastisk! No er det vinterferie for mange - ikkje for oss - men i ettermiddag lurer eg på om vi må ta ein tur ut den lille timen mellom middag og Fantorangen for å grave vekk litt haust og vinter slik at våren kan komme fram i blomsterbedene. Eg har nokre godt voksne kollegaer som seier at dette er tida for det!
mandag 25. februar 2013
Skappelgenser - sort of...
Som eit litt meir "skikkelig" restegarnprosjekt begynte eg på Skappelgenseren i str.2/3 år. Med feil garn og feil pinnar - men ved godt mot. Problemet som alltid kjem når eg strikkar med restegarn kom - for lite garn! Og umogleg å kjøpe meir sidan eg ikkje hugsar kvar eg har kjøpt og når det vart kjøpt, og "magebandet" er vekke for lengst. Sidan dette var feil garn og feil pinnar vart delen som skal vere rundt kroppen for trang og tanken kort. Medan eg framleis jobba med dette tenkte eg at eg kunne gje vekk gensaren i 1-årsgåve til nokon.
Men da eg skulle begynne på armane og hadde under eit halvt nøste igjen falt interessen for heile plagget - dette vart jo berre teit! Så da vart det to korte armar. Med andre ord ei STRIKKA T-SKJORTE! Vi har ledd masse av den; gensaren ser heilt teit ut i seg sjølv - ikkje fult så teit på lillesøster (som eit pølseskinn). Ho brukte den ein slapp ettermiddag, også la eg den i "gje-til-gjennvinningsboksen".
To nøster med fint og sikkert dyrt og i alle fall deilig og mjukt garn er brukt; tross alt.
Men da eg skulle begynne på armane og hadde under eit halvt nøste igjen falt interessen for heile plagget - dette vart jo berre teit! Så da vart det to korte armar. Med andre ord ei STRIKKA T-SKJORTE! Vi har ledd masse av den; gensaren ser heilt teit ut i seg sjølv - ikkje fult så teit på lillesøster (som eit pølseskinn). Ho brukte den ein slapp ettermiddag, også la eg den i "gje-til-gjennvinningsboksen".
To nøster med fint og sikkert dyrt og i alle fall deilig og mjukt garn er brukt; tross alt.
fredag 22. februar 2013
Restegarnprosjekt
Eg har ei stor skuffe FULL av garn. Masse bra garn, babyull, nøstebarna (ubehandla) ull, tovegarn - men også billig kløgarn frå SparKjøp. Med knapt nok eit nøste i kvar farge og type er det ikkje mykje eg kan bruke det til, og derfor har det også blitt liggande. No som lillesøster har slutta med bleie og vi har solgt stellebordet (kjøpt brukt i 2008 for kr.300,- og solgt brukt igjen i 2013 for kr.300,- Brukt er bra!) ommøbelerte vi soverommet vårt og da synes eg at det var litt råflott med ein heil skuffe med garn. (Når skuffa heller kunne inneholde andre "viktige" ting. Som klistermerker. Og bursdagskort.) Da vart restegarnprosjektet starta! Også kjent som julegåvestrikking 2013, derfor kan eg ikkje skrive så veldig mykje meir om det her :D Eg har strikka fire eksemplarer av julegåver, som alle vart så pass halvstygge at det kan hende at mine eigne ungar får det i staden. Eg får sjå om eg kan klare å kamuflere uheldige restgarnfargeval så pass at eg kan gje det vekk til andre.
I helga skal storebror og pappaen på kino for første gong og sjå "Karsten og Petra". På laurdagskvelden skal mannen i festleg lag medan eg har invitert to venninner til ost og vin heime i sofakroken. Ei kjekk helg!
mandag 18. februar 2013
Hello Kitty-hue
| Hello? Is there anybody out there? |
Saman med obligatoriske bokgåver fikk ho ei Hello Kitty-hue som eg til no har strikka ein heil haug av. Oppskrifta eg bruker har eg funne her: http://smoochiemonsters.blogspot.no/2010/05/oppskrift-pa-hello-kitty-luen-min.html Jenta hadde på seg Hello Kitty-sokkar når vi kom, så denne gjekk rett heim:) Ellers har eg strikka barselgåve til ein gut i helga - men han er ikkje venta før i juli - så det blir ei stund før bilete av det kjem hit. I know you are reading this Martina:)
Ha ein flott måndag!
fredag 15. februar 2013
God helg godtfolk!
| "Speil"reflekskamera |
Det er godt med veker der ein har tid til å ta igjen arbeidsoppgåver som har blitt vekkprioritert tidlegare. Dette har vore ei slik veke. Med mindre noko kjem inn frå sidelinja er eg godt i gang med å komme asjur. Deilig!
I helga skal vi feire at det er fem år sidan ei flott jente vart fødd, og feire at ei ny jente har komt til verda. Bursdagsfest på laurdag og barselbesøk på søndag. Sotra og Fana. Sus og dus.
Ha ei flott helg du også!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)