torsdag 23. august 2012

Botanisk hage

Som ein del av Aboretet her i Bergen har de Botanisk Hage i samme område. Ein av de siste dagane i ferien vår tok vi turen dit for å spise lunch og spasere mellom herlege blomster.
 Desverre vart ikkje turen FULLT så idyllisk - med oversultne unger, regn og halvsure foreldre vart det ein heller laber stemning. Men omgivelsane, DE var idylliske!
Ser ut som små chilli - love it!


Åh, de lukta så GODT!


Også liljer, ein storfavoritt! Eg har to gonger fått liljer som eg har hatt i vase, og lukta er nydleg! Eg har aldri sett de "på rot" før, så det var litt stas. Blomane som eg har bileter av her var i bedet for eit-års-blomar; så det betyr vel masse jobb for kun ein sesong. Men det er vel kanskje verdt det, så flotte som de blir!

Det er godt å sjå på noko så enkelt (men så vanskelig) som blomar når ein føler at livet er ein karusell som går for fort, men som ein ikkje kan komme seg av. I går kom Talel heim med augekatarr, enkelt nok - men timar i kø på legevakta for å få resept til augedråpar var ikkje akkurat det vi trengte å bruke kvelden på. Ein time etter at han la seg til å sove vokna han og var utrøysteleg medan han holdt seg på øyret. Han holdt det gåande i nesten to timar før vi pakka han godt opp med puter og han sovna. Eit raskt søk på internett fortalte at han har fått øyrebetennelse. Og i natt fikk mannen omgangssjuke. Eg trur desverre at det er like før det er min tur også. Så blomster - ja takk!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...