onsdag 22. august 2012

I bakvendtland

Det hottaste for tida er å gå med klærna bak fram. Og det gjelder alle klær. Helst truser også. Men der har eg klart å argumentere med klare forskjeller mellom (gutte)tiss og rompe, så de er heldigvis på rett.
Om den nye trenden har noko med at det er kult å gjøre, eller om den har komt fordi trendsettaren er lei av å høyre at eg seier "Den er på bak-fram, du må snu den" skal vere usagt.

"Tøffare-enn-toget" er i alle fall framleis frisk og i barnehagen. Eg og Janna er heime og samler krefter til ein dag med jobb og barnehage før vi tar avspasering og langhelg. Matlysten begynner å komme tilbake, så da er vi i gang igjen. Mannen vart betre utover dagen i går, men vi er framleis utkjørte etter nokon hektiske dagar med veldig sjuke unger. Det burde vore ein lov som sa at foreldre måtte få ein fridag til å komme seg igjen etter sjukeperioder som varer meir enn tre dagar. Det hadde i alle fall eg trengt kjenner eg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...