fredag 5. oktober 2012

Fruktsnop

Eg elsker såkalla "eksotisk" frukt! Eg har kryssallergi, og tåler ikkje "vanleg" frukt som eple, pære, fersken, kiwi eller ehh...ja..moreller. Kanskje ikkje heilt ein frukt det siste, men pytt pytt.
Litchi - deilig! Det ser ut som eit augeeple, men det smaker snop!
Ananaskirsebær smaker syrleg og er veldig vanedannande!
 Eksotiske frukter (og druer;)) kan eg spise. Og bananer. Jadda. Mango. Meloner. La oss fokusere på det ein har moglegheit til, ikkje sant?
Nei du og du kor eksotisk - DRUER!! Men skåla er knallfin da:)
Eg vurderar om vi skal prøve oss på ein slik "levere-frukt-og-grønt-på-døra-teneste" i nokre veker. Eg synes ofte at frukten vi kjøper på butikken er dårleg. Også blir det til at vi kjøper det samme igjen og igjen. Ikkje er det så veldig dyrt å få levert heller - og ein kan velgje økologisk. Vinn, vinn!
Det føles rart å få ting på døra når vi bur i Bergen og kan handle det på butikken. Men om det er betre enn det vi får på den lokale Rema'en, økologisk, og gjerne basert på lokale råvarer, så kvifor ikkje?
Brødskive med kvitost og stjernefrukt - perfekt ettertreningsmat. Saman med eit krus med mamma sine heimetørka (og grodde) peppermynteblader og varmt vatn; det er min yndlingskveldskos for tida:)

Ha ei FLOTT helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...