tirsdag 2. april 2013

Kvardag og sjukdom

I fjord var det omgangssjuka som var seinvinterens signatursjukdom. I år er det influensa. Etter å ha kjent på den nokre dagar, vart eg sjuk IGJEN på søndag - så i dag er eg heime aleine og prøver å komme meg. Denne flotte påskekyllingen (temaskifte:)) kom storebror med heim frå barnehagen før påske. Da vi fann fram kassen med påskepynt såg vi at han hadde laga ein heilt lik i fjord, men utan fjæra. Eg synes de er kjempesøte!
Vi har hatt ei fantastisk påske! Etter Akvariet-tur på onsdag, fjelltur på torsdag og skogstur på fredag var vi heime på laurdag. Eg var blitt sjuk nok til at eg med god samvittighet kunne ligge i solveggen på verandaen og lese medan storebror og mannen satte opp trampolina i hagen og lillesøster pusla rundt med alt og ingenting. På søndag og måndag hadde vi middagsbesøk; det var veldig kjekt! Storebror fikk lego av begge besøkene - no trur eg han må ha alt som finnast av det som ikkje er enormt stort og kostar deretter! Faktisk har vi feira dagen hans seks gongar alt!
Mannen leverte i barnehagen i dag - og det hadde heldigvis gått bra. Lillesøster saknar framleis smukken sin; i går kveld var ho voken i ein times tid; heilt utrøystleg! Eg var redd ho kom til å vere veldig trøtt i dag, men ho hadde vore så stolt og fortalt de i barenehagen at "fiskane fikk tutte min". Storebror har testa grenser i påska, no som han er i barnehagen med vennane sine igjen håpar eg at han viser fram sin rampete side til nokon som synes det er gøyt.

Så her er vi no. Eg har tre og ein halv time igjen til alle kjem heim - eg skal spise den siste cupcakes'en frå komle og cupcakes-besøket i går og sjå gamle TV-seriar medan eg kjenner på kjensla av at eg kanskje snart er frisk nok. I morgon er det fysioterapi (kanskje den siste?), museumsbesøk med jobben, foreldresamtale i barnehagen, svigermorbesøk, også skal storebror i bursdagsfest 17-19. Med ein slik dag lina opp er det ok å vere frisk:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...