tirsdag 4. juni 2013

Rabarbra

Vi hadde ein stor rabarbra i hagen da eg var barn. Slik eg hugsa det var denne fritt vilt - det vil seie at vi når som helst kunne plukke ein stilk eller to for så HEILT LOVLEG få eit lite glass med sukker i til å duppe rabarbraen i. Syrleg og veldig godt! Svigermor har introdusert meg til varm rabarbrasuppe med iskrem - himmelsk!
I fjord fikk eg avlegger på ein rabarbraplante av ein kollega, og vi har i helga plukka våre første stilker frå eigen hage! Det vart tre tynne i år; men planten trivast tydleg, så eg har store forhåpningar til neste sommar! Med tre stilkar vart det ikkje mykje suppe (eller kompott), så eg ville la ungane få smaken av mors sommar ca.1989. Med sukker i kopp og stilkar var alt klart. Lillesøster tok ein bit, spytta ut og drakk resten av sukkeret så godt det lot seg gjere.
Storebror lagde masse grimaser, men synes det var skikkelig godt - så han åt heile sin stilk (men takka nei til å spise lillesøster sin etterpå). Eg synes det var knalldeilig, medan mannen synes "det smaka ikkje heilt slik som det gjorde før". Nei, nei. To ja og to nei - godt nok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...