mandag 3. juni 2013

Playmais

Ungane fikk denne boksen med Playmais til jul, og den har gitt oss timesvis med underholdning!
Med i kassen var det nokre hus og brønn som ein kunne dekorere. Dette likte storebror veldig godt, men det var masse og vanskelig å ta vare på mellom øktene, så for ei stund sidan kasta eg det (til storebror sin STORE fortvilelse!).
Playmais lukter mildt av mais og er nedbrytbart. Vi dupper playmaisen på ein fukta klut, og da fester den seg til andre playmais - eller papir.
Superenkel aktivitet som ungane storkosar seg med! Vi voksne også eigentlig:) Vi lager mange fantasidyr, men også traktor, trær, kyllingar, tusenbein og rørsystem.
Lillesøster overproduserte slike tusenbein i ei periode. No kutter ho maisen opp i mindre bitar med ei plastkniv og lagar store molekylaktige kunstverk.
Når eg ser desse bileta kan eg jo skjønne at storebror vart sint og frustret når eg kasta det. Men det skal vere sagt at det gjekk over ei veke før han la merke til at det var vekke!

Vi har hatt ei flott helg - arrangementet eg hadde i helga var ein STOR suksess med mellom 1000 og 2000 besøkande! Glade mennesker overalt, til tross for regn i bøtter og spann. Eg er fornøyd, sjefen er fornøyd og alle eg snakka med både av publikum og aktørar i går var fornøyde. I dag stod det ei flaske kvitvin og eit kosleg kort og venta på meg på kontoret frå sjefen - det er ei god kjensle ein måndags morgon:) Media har også vore aktive i helga, så både eg og begge ungane har vore avbilda i to ulike aviser. Flott med engasjement frå media og stas å vere i avisa:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...