lørdag 6. juli 2013

2012 - i mobilbileter - det 1

Årskavalkade er gøy! Kanskje ikkje eit halvt år etter at året er ferdig, men slik vart det denne gongen. Innlegget vart laga seint før det så forsvant nedi lista over "utkast". Fine mobilbileter av andre ting enn eg vanlegvis tar bilete av, samt gode minner frå 2012 - so here it goes!
Utsikt frå arbeidsplassen min i januar - like før eg skifta jobb.

Eg sitter i jurien på Ungdommens Kulturmønstring i slutten av januar og er stort imponert over kor flinke ungdommer vi har her vest i landet!
Det er mars og eg er i ny jobb. Kaffe på kontoret, marsipanbrød frå påskeegget som står i resepsjonen og ein heil del med penger som eg får lov til å fordele til ildsjeler, kunstnere og utøvarar. Draumejobben!
Det er mai og eg er i Oslo på utdrikkingslag! ..derav kaka...
Eg tar toget aleine. Ei sann glede! Nytt nettbrett som var 31-årsgåve frå mann og barn var sjølvsagt med.
Utsikt frå kontoret mitt i juni. Enda er det 7 mnd før jobben er min, så eg nyter det som kanskje er for ei avgrensa periode,
9. juni tar ei venninne meg med på tur over Vidden,
og veka etter er eg med på mosjonsløpet Vidden Over i fantastisk solnedgang. Rundemannen (568 moh) rett under kveldssola.
I slutten av juni er det sommarfest med jobben. Ægir øl er kåra som Årets Øl 2012 og blir nytt saman med ost og kjeks i parken. Gode kollegaer, quiz som mitt lag vann (HURRA!) og mykje latter!
Vi er på sykkeltur til Alvøen der vi mellom anna blir imponert over Stuart Frost sitt tre.

Del 2 kjem i morgon - hausten 2012 var også fin :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...