mandag 12. august 2013

Kvardagsliv in the fast line



Aldri tidlegare har vi brukt meir penger på IS iløpet av ein sommarferie! Oh my! Og aldri før har eg gått så raskt tilbake til ein ekstrem versjon av kvardagen i etterkant! Med forbauselse ser eg at eg trente 5 (!!) gonger sist veke! Eg hadde med meg salat til lunch på jobb, og knaska knekkis med mager cottage cheese og nyplukka rips til kveldsmat (KNALLGODT!). Sjølvsagt, både fredag, laurdag og søndag vart det ein del sjokolade og vin, men det måtte jo berre bli slik.

Vi har hatt ei flott helg! Fredag fikk vi heldigvis besøk på døra slik at ungane var opptatt med venner, og eg og mannen fikk tatt siste strøk på murveggen i tillegg til å plukke 10 liter rips. Laurdag var mann og barn på familiedag på Lindås medan eg var heime og vaska, rydda, plukka meir rips, og trente. Søndag var vi saman med ein vennefamilie og gjekk på Damsgårdsfjellet (det minste av byfjella, 284 moh). På kvelden hadde eg venninnebesøk. I dag er eg GJESP - ei flott og travel helg!

Denne veka er full av kjekke planar! Eg gler meg til kvar einaste dag! I dag skal eg leggje meg tidleg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...