fredag 9. august 2013
Super Mario-teikningar
Storebror fikk Nintendo DS til jul saman med eit Super Mario-spel (eg får ekkel kribling i magen av orddelingsfeil - og har SÅ LYST å skrive supermario, men det skal vist vere i to delar). Han spelar ikkje mykje, men litt. Tydlegvis nok til at han hugsar korleis han ser ut. Desse flotte teikningane kom han heim med rett før sommarferien. Han hadde også med seg detaljrike skattekart. Han foreller kva han har laga, også skriver eg det bakpå og tar vare på det. På skattekartet på det nederste biletet ser du tre høge fjell ein skal over, lava, ein grøn innsjø og fleire andre ting før ein finner skatten på ei strand.
I gå kom han heim med Angry Birds brett som han hadde teikna. Altså spelebrett der han har teikna inn ulike hinder og tenkt kva fugl som må ligge klar til å sprette bort for å få vekk hinderene. Eg er kjempeimponert over kreativiteten hans! Han hadde også teikna litt av ein Super Mario-verden. Han spelar Angry Birds, og ser de små filmane de lagar, om kvelden etter at lillesøster har lagt seg - og er stor fan! Eg er mest fan av storebror!:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!