onsdag 15. januar 2014

Back on the bike!

I går hadde eg min første trening etter ein månad med luftvegssjukdommar og treningspause. Eg var veldig spent på korleis det skulle gå - samtidig som eg har hatt influensasjukdomspauser og feriepauser tidlegare, og har eit fast opplegg eg liker å ta i bruk når eg skal starte på'n igjen.
Finfin blomsteroppsats som eg fikk i blifortbraigjen-gåve av svigerinna mi sist veke :)
For det første køyrer eg på med spinning - eller cycling som de kaller det på sats. Spinning er genialt på den måten at ein sjølv regulerer motstanden på hjulene, og derfor kan ein trene utifrå sin individuelle form til ein kvar tid. Saltimar synas eg er tøffare, i alle fall sidan eg ikkje går på de lettaste timane. Eg liker å trene hardt, slik at eg mot slutten av timen kjennes ut som gele i heile kroppen. Da er det godt å ha ein sykkel å henge på. I salen må eg jo stabilisere min eigen kropp, og etter ein tøff time kan faktisk det kjennes nærmast umogleg!
Eg tok ein 45 minutters time i går, og til tross for at pulsen steig uvanleg fort gjekk timen knallbra! Eg klarte å vere lenge i makspulsområdet, noko eg etter treningsfri tidlegare har brukt nokre veker på å klare. Heile timen gleda eg meg over det at eg klarte å puste djupt inn og ut UTAN å begynne å hoste! Det var fantastisk, og eg satt å smilte (og såg sikkert ikkje ut som om eg trente hardt nok!)! Etter timen kjente eg at eg var skikkelig sliten, men alt-i-alt er eg strålandes fornøyd med første trening i 2014!
I 2014 har eg nokre store turar som ventar på meg. Den største blir halvmarathon som eg og ei venninne skal springe etter sommaren. Ellers skal eg, mamma og pappa gå på Galdhøpiggen i år, og eg skal vere med på I-formløpet igjen. I går var med andre ord første steg på å gjøre desse (og andre) turar så gode som mogleg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...