torsdag 23. januar 2014

*brrr

Det var sikkert det at eg var så inni hampen trøtt i går som gjorde at eg var iskald heile dagen! Tre lag ull, maks varme på ovnen, men framleis kald heilt innerst inne. Ein kopp te lindrar litt ei lita stund. Til tross for at vinteren i Bergen har vore mild har det blitt mengder med tedrikking frå mitt hjørne av sofaen.
Det har resultert i ukledlege ringer på stuebordet. Tidlegare brukte vi brikker under koppane, men ungane tok de alltid vekk og leika med de, så det har vi gitt opp. Da bli det slik.
Og etter at dette biletet har blitt tatt har det komt to nye ringar. Det kan vere vi må pusse ned/opp bordet i sommar og lage oss (meg) nye rutiner. Kanskje eit tefat?
Yndlingskopp! Eg har to frå denne serien som eg bruker når eg har venninnebesøk. Eller når eg berre vil ha ein ekstra fin kopp:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...