 |
Desse laga eg til eit venninnebesøk tidlegare i vinter. Raud pesto, avocado,mozarella og tomat - nam! |
I kveld skal mannen ut på byn, og eg har invitert to barnehagemammavenninner på internasjonal strikkekveld. Vi strikker alle tre, tjejen frå Sverige strikker kun på frihand og prøver å lære seg å strikke etter oppskrift, jonkvrouw frå Nederland har etterlatt seg eit inntrykk av at ho er knallgod på strikking, noko eg har ingen grunn til å tvile på, medan dama frå Sogn og Fjordane er ein stad midt imellom. Erfaring tilseier at det blir fint lite strikking, det er vanskelig å strikke perlestrikk med felling til armhuler samtidig som ein diskuterer barneoppdragelse. På menyen står i alle fall te, nybakte regnbuerundstykker med heimelaga ripsgele og ost. Tenkjer vi kjem til å kose oss :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!