mandag 10. mars 2014

Endelig ute!

Det merkast at ungane begynner å bli store. De begynner alt no å få eit sosial liv utanom oss voksne, og de vi vanlegvis plasserar de saman med. Sjølvsagt er vi med sidan det er henting og bringing og sms, men de tar sjølv initiativet. På søndag hadde begge to besøk av gode venner frå barnehagen. Det er utan tvil meir jobb med to jenter på treogeithalvt enn med to gutar på seks! Da gutane gjekk ut for å preparere grunnen for å lage hus (ja, du leste riktig - ikkje nokon vanlege unger dette;)) ville jentene også vere med.
Det er så deilig med vår og opplett og unger som kan bevege seg ute utan vinterdresser eller regnklær på! Gutane jobba så svetten silte og jentene vart jaga vekk - så de sprang rundt og rundt i hagen - opp og ned - heilt til begge var våte på buksene og lillesøster hadde skrapa opp kneet. Da var det nok og de ville inn igjen.
I dag skinner sola, men eg skal inn og svette på ein time styrketrening på sats i stadenfor å gå på fjellet (som eg heller har lyst til). Det er så godt og inspirerande med lyse dagar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...