mandag 17. mars 2014

Kakao!

Ofte betalar ein for det ein får. Eller får det ein betalar for. Denne kakaoen fikk vi til jul (så av og til får ein det andre har betalt for), og den får posekakaoen til Freia til å smake som sølevatn; dette er GOD KAKAO!
Mykje handlar sjølvsagt om vi blandar vatn med pulver eller om vi blandar varm H-mjølk med pulver. Eg ser ikkje vekk frå at freia rett-i-koppen er god med H-mjølk. Men når vi da skulle smake denne kakaoen slo vi til med feit mjølk. Og det var SÅ GODT! Med mjuke marshmallows som smelta og skikkelig rik kakaosmak. Nesten for god til å dele med andre enn ein er gift med! Og trur du at kakaosesongen er over har ikkje du vore på tur i Sogn og fjordane i helga ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...