lørdag 22. mars 2014

Partrening!

Storebror liker å trene saman med andre. Her tennis i pausen av ein fotballcup.
Trening er kjekkare saman med ein venn blir det sagt. Eg liker best å trene aleine, gjerne i gruppe, men aleine. I dag skal eg prøve å trene saman med mannen! Han skal bli med meg på cycling på sats. 55 minutter, og med min yndlingsinstruktør. Han skal få låne pulsbeltet mitt (AKA god kone;)), og han skal ta seg heilt ut! Gu' kor gøy!
Backhand!
I alle fall for meg! Eg booka han inn på time utan at han viste det, men han er sporty og sa ok med eit usikkert smil. I går vart han meir og meir usikker på korleis dette skal gå. Eg er sikker på at det går veldig bra, og eg gler meg til å trene ved sidan av han . Kjekkas ! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...