mandag 24. mars 2014

Tåkete lykke!

I mangel på bilete av tåke eller dis går eg motsatt veg - klare og våte plastperler.
Vi VEIT at det skal vere sol i Bergen i vekesvis! I alle fall denne veka, og garantert nokon dagar. Sola var her da vi tusla ut 07:35 i dag tidleg, men når eg nærma meg sentrum var heile byen dekka av tjukk, kvit tåke. Og over tåka var sola. Alt blir skugger, og den lyse tåka reflekterer sola slik at det kjennes som om ein beveger seg i lett glødande masse. Eg elsker denne morgontåka med sol! Den minner meg om Kina; Beijing og til dels Shanghai, romjula 2005. Der var nok tåka forurensning, og den var litt gråare, men lyset var ganske likt. Eg er i Kina kvar gong det er slik her; og det kjennes så urbant på eit vis. Også - rett i feriemodus! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...