Voksen: Båten klarer vi ikkje å bygge saman.
Lillesøster: Buhuu
Voksen: Men da kan vi spise den i stadenfor.
Lillesøster: HURRA!
Det ligger ein del (alt) i planlegging. Mannen hadde laga former på fancy teikneprogram for at borga skulle bli likt mogleg slik storebror hadde sett den for seg.
Pyntinga er viktig! Eg er så gniten på pynten sidan alt blir kasta etterpå, og er kvart år heilt imponert over mengden snop andre brukar på pepperkakehusa sine som de leverer til Pepperkakebyen! Det er jo fint altså, men hjelpes!
Sjølv om lillesøster sin båt måtte segle sin eigen sjø var ho sjølvsagt med på pepperkakeborgbygginga!
Her er det ferdige resultatet! Med fire rom, eit i kvart hjørne. Fangehull (sjå gitteret laga av saltstenger til høgre på biletet), vaktmenn, snømann, fange, seng og sjølvsagt...
Port som ein i teorien kunne opne og lukke. HEILT teoretisk.
Bak desse støttepilarane finner du soverommet. |
Fangehull. |
Ser du borga plassert i Pepperkakebyen? |
Frozen :) |
Utanfor var det pynta kjempefint med pepperkakegrafitti! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!