mandag 20. juni 2016

Bursdagsfest for snartseksåringen

I går hadde vi ein stor bursdagsfest for lillesøster som fyller seks år i sommar! Heile 19 venner var inviterte, så eg var glad for at tre ikkje kunne komme - for det var nok med gjestar uansett! Med lillesøster og storebror på VIP-liste hadde vi 18 unger på fest i går. Ja, også ein lillebror som var der den første timen :)
Ungane våre gjorde klar godteposane på laurdag. Oppi hadde vi tyggis med tattis, krakklesnop (sånn som spretter i munnen veit du), sjokoladepenge eller twist, noko sukkerkliss frå maoam, to frimerkeklistermerker og ein liten keramikkfigur - ugle eller sau.

Vi hadde alle 18 i ei korg - klar til utlevering mot slutten av bursdagsfesten.
Også denne gongen hadde vi lånt lokaler, så etter at eg hadde bore alt i bilen var det berre å installere seg med mat og utstyr vekke frå eigen heim. Flotters! Sidan mannen humpar rundt på eitt bein, hadde eg bedt ei venninne om å vere min sisterwife for dagen. Ellers hadde eg tenkt litt porsjonstankar. Mannen kunne legge opp pølser med brød eller lompe på stort fat som eg bar rundt. På bordene hadde vi nok ketchup og sennep til at alle kunne nå det og servere seg sjølve. Brus fikk eg hjelp til - det vart unødvendig dyrt å kjøpe 18 småbrus (sjølv om vi var inne på tanken).
Etter pølser (de åt 36 pølser på 10 minutter!!) var det danseleik medan vi rydda av bordet, også var det pakkeleik. Med så mange gjestar varte pakkeleiken leeengeee - og du må tru den lille erta vår fikk mykje fint! Verdens heldigste altså! Ho er ei svært populær jente som har veldig mange veldig gode venner; og det kom heilt tydleg fram i kort og pakkar i går!
Litt Frost-tema. Og prinsesse og pus :)
Med gåvene plassert på bord i gangen fikk vi alle til bords. Etter at vi hadde sunge og lillesøster hadde blåst ut seks lys (bileter av kake kjem i morgon) sa eg til alle at det var iskiosk bakerst i lokalet.
Der hadde mannen og storebror satt seg til bak eit bord med pappservietter, skeier, tre liter vaniljeis, sjokoladesaus, to ulike typar strø og ein tydleg arbeidsfordeling. Dette fungerte kjempebra! Ungane stod i kø og bestilte is medan eg fikk dekt på minimuffins og gele i porsjonsglass rundt på bordene samt fylt opp med brus.
"Vil du ha sjokoladesaus?"
"Rosa eller blå?" "Begge deler!"
Alle ville ha kake saman med isen sin, så eg tok ein runde og kvitta meg med 3/4 av kaka! Det var ikkje så masse som vart spist, men det var stas å plukke av pynten! :)

Her hadde vi papp - så rett i søpla med det! Ute var det sol og varme, så ungane fikk springe ut og snart kom eg ut med snopeposekorga mi! Hahaha, der har vi mange gode bileter som eg dessverre ikkje kan vise her - men det var veldig gøy! Eg delte berre ut til alle utan snopeposeleik. Pus- eller prinssessepose? De fleste ville ha pus, og det var bra, sidan vi kun hadde seks prinsesseposar.
Ein time etter at selskapet offisielt var over hadde de siste gjestane reist, og eg kunne igjen pakke i bilen og køyre heim. Heime slengte eg saman lapskaus med pinnekjøttrestar frå frysaren, og resten av dagen satt vi slik i sola. Ungane stakk til venner rett etter middag, så det var berre kvilepuls og sommarlykke på oss to som var heime!

For ein kjekk dag! Og for nokre flotte venner lillesøster har!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...