De setter opp skilt ved kvar kilometer slik at du veit at du er på rett veg, og kor langt du har komt i løypa. Slik fungerer matematikken min:
1 km: Alt ein kilometer unnagjort! BRA!
2 km: Da har eg begynt på den første tiaren!
3 km: Godt i gang no!
4 km: No er eg snart ferdig med 1/4!
5 km: No er eg ferdig med 1/4!!
Her reagerer du kanskje. I alle fall om du veit at halvmaraton er 21 km (og 97,5 meter). For å holde motet oppe jobbar eg mot 20 km, også er den siste kilometeren ein bonus :) Innimellom reknar eg med bonusen, innimellom ikkje.
Og beina går |
7 km: 1/3 ferdig! Og det er inkludert bonusen!
8 km: No nærmar eg meg halvvegs!
9 km: No er eg halvvegs, også manglar eg berre tre kilometer til så er eg i mål!
10 km: Halvvegs! Om eg tenkjer på det i nokre minutter, så er eg faktisk halvvegs!
11 km: Halve løpet og meir til er gjennomført. No er det like langt igjen som eg alt har gått.
12 km: No gjenstår kun to korte joggeturar!
13 km: 7 km igjen! Og det er jo ein vanleg joggetur for meg. Kun det!
14 km: No er eg snart ferdig med 3/4!
15 km: No er det berre 5 km igjen! Ein klassiker!
16 km: Kun 4 km! Det er jo berre ein kort joggetur!
17 km: 3 km igjen! Det er L - I - T - E
18 km: 2 små igjen! Det er knapt så ein får opp pulsen på ein slik distanse!
19 km: Siste no! Neste er 20!
20 km: Bonusrunden - nailing this!
21 km: MÅL I SIKTE!!
Når mål ser slik ut <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!