La meg liste opp forskjellane på sist og no.
1) I 2014 hadde eg trent meg systematisk opp. No har eg hatt to vekers ufrivillig pause sidan eg hadde ein veldig sint gluteus maximus på høgre side. Betre kjent som rumpemuskel (av typen ilsint!). Det var som å ha konstant krampe i fleire dagar - så eg vart satt på 2 vekers treningspause. Årsaken til "skaden" var sjølvsagt for mykje trening. Det er ei veke sidan eg vart "friskmeldt", så eg har kun hatt to joggeturar sidan.
2) I 2014 gjekk distansen på asfalt. Denne gongen går det på sti og grusveg.
3) I 2014 var høgdedifferansen 297 meter. Denne gongen er det ein samla stigning på 1080 meter.
![]() |
Solnedgang over Vågen i Bergen |
Til slutt leggjer eg inn runkeeper-bilete frå den ekte halvmaratonen 6.september 2014. Eg har hatt problemer med GPS'en heile vegen med denne telefonen, så kilometerene stemmer ikkje heilt. Men nesten :) Eg reknar med å bruke mellom 4 og 5 timar i kveld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!