lørdag 16. juli 2016

En liste for livet

På Storytel høyrte eg nesten 12 timar lydbok med ei stemme eg ikkje likte å høyre på! Haha; denne boka fikk aldri ein ekte sjanse!
Utgangspunktet var bra. Ei kvinne har mista mor si, og for å få arven må ho fullføre lista ho skreiv som barn over ting ho skulle oppnå her i livet. Få barn. Jobbe som lærar. Oppleve kjærleiken. Slike ting. Ho får eit år på seg til å fullføre lista.

Hihi, medan eg skriver dette ler eg av minnene av stemma på lydboka. "Jeg er stolt av deg" HAHAHAH; det vart berre så dumt! Men vi blir vandt med alt. Etter ein 6-7 timer gjekk det betre. Historia er ok. Litt laus og ikkje så veldig godt skrive. Ho leggjer litt vel masse i små ting. Blikk og smil. Det er ikkje så interessant. Men det enda bra, og da det gjorde det vart eg glad - så på ein eller anna måte gjekk historia inn likevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...