fredag 15. juli 2016

Et norsk hus

Vigdis Hjort kan eg sette stor pris på! Ho skriver annleis enn så mange andre; det er litt forfriskande! Denne boka begynte så bra! Så navlebeskuande og fin!
Hovedpersonen er ein kunstner som lever på samme måte som klisjeen av eit kunstnerliv - masse vin og seine netter; ein total underkastelse av kunsten. I huset sitt leiger ho ut ei leilighet som det ganske fort i boka flytter eit ungt, polsk par med baby på veg. Utover desse forutsetningane er det lite som skjer - livet berre går sin gong.
Det er absolutt interessant, og faktisk skjønte eg ikkje boka heilt før ein times tid etter at eg hadde lest den ut. Undervegs var den litt kjedelig, hovedpersonen er ganske usmakleg og gjorde meg irritert. Men den kom seg. Særleg no som eg ikkje leser i den lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...