torsdag 3. september 2020

August


Mindre enn eit år sidan vi vart elbileigarar kjøpte vi ein ny elbil med god rekkevidde. Den er raud og lekker! Vi er kjempefornøyde!


Agurkplantane veks og veks! De har mange gule blomar og fleire agurkar på veg. Det går sakte, men er spanande å følge med på! 
Varme arbeidsdagar på heimekontoret! Gjerne kombinert med skya vær og lummer stemning.
Vi kjøpte oss nye utemøbler og gav vekk de gamle på finn.

Impulsiv knutebollebaking med Dulce de leche i snurrane - nam! Kun tre var heime da de var nysteikte.

Ettermiddagsespresso i skyggen når det rett og slett er for varmt i sola.
Tomt hus - og ein tidleg kveld med te, Brødrene Løvehjerte og Toulouse. Vi er glade for mange dagar med godt vær så vi rakk å bruke de nye utemøblane våre før vi måtte pakke de vekk for vinteren.
Seint i august hadde eg det første fysiske møtet sidan juni.Det var eksamensoppsett og tildelt møtesnop. Men aller mest var det nesten euforisk å sjå kollegaer igjen heilt i 3D og med heile kroppar! Berre eit lite møte gav også arbeidslysta eit løft, og det trengte den! Synd det berre varte ut dagen.
Finaste sommarfuglpastaen sjølvimportert frå Danmark. Oh, det store utland!
Heimegrodd ruccola som vart sådd av ein av ungane på matlagiingskurs før sommarferien. Det smakte kjempegodt! Dette skal eg prøve å så meir av i vinduskarmen neste vår!
Eg synas ikkje så mykje om å kjøre langt til fjell når vi har så mange av de i nærleiken av oss. Men den siste laurdagen i august køyrte vi til Osterøy der vi parkerte på Båtaleitet og gjekk opp på Olsnessåta (600moh). Der åt vi medbrakt suppe med kjøttbollar før vi gjekk mot og over Olsnesnipa (653 moh) og snudde nedover mot parkeringen. Ei virkelig fin runde med Vidden-kjensle. Ingen andre, kun oss åtte som skravla oss i veg med sola i ryggen. Vi brukte rundt tre timar med gode pauser undervegs. Når turen er så fin er det verdt å køyre ein time ein veg for å komme oss dit!

Vi utnytta kvar ei solstråle sjølv om sola alt no er så lav at den er bak de fine, men irriterande, træra til naboen.
Tett perlelag på verandamøblane idet de kjem utav morgonskyggen og inn i sola.

Den siste dagen i august skulle eg ha vore i Kristiansand for å fullføre eit prosjekt eg har jobba med de siste tre åra. I stadenfor vart det avslutta på digitalt vis, og feiringa vart avgrensa til ei tørr appelsin i sola. Blomane frå hagen er fine da. Og servietten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...