fredag 2. november 2018

Helgeplaner

To av fire skal på bursdagfest i ettermiddag. Ein var på haustfest med jobben i går og trenger litt sofatid etter arbeidsdagen og ein skal være sjåfør.

På laurdag skal alle på kino. Også skal alle på ein eller anna måte vere deltakarar når årets Pepperkakebybyggverk blir ferdigstilt.

På søndag håper eg at vi skal beskjære nokon trær som tar sola frå oss litt tidlegare enn vi har lyst til. Akkurat no virker det som eit teoretisk problem, men når det blir varmt igjen veit eg at vi irriterar oss. Og da må jobben bli gjort.

onsdag 31. oktober 2018

Oktoberlys

På den siste dagen av oktober kjem det her nokon oktoberlysbileter. Eg er så glad i lys/skugge - eg har meir bileter av denne typen enn av ungane på mobilen. Oktober i alle fall.
Lille Lungegårdsvann

Svaner

Utsikt mot Musikkpavaljongen


Morgonlys over Ulriken

Kveldslys frå Sandviken

Morgonlys over Ulriken

Konglelys heime i stua :)

fredag 19. oktober 2018

Travel veke og helg

Oktober er ein travel månad på arbeidsfronten i år og denne veka den travlast av alle! Eg tikka inn på 52 timar når eg gjekk heim i dag, så denne helga kjem som bestilt! Veka har vore god og innholdsrik, samtidig som fleire lange prosjekter har blitt avslutta. I alle fall for denne gongen.
Helga er rydda for planer. Det betyr tid til å lese litt, bake brød, spele yatzi og sove. Det blir fint!

søndag 14. oktober 2018

Oslotur

I dag tar eg tidleg arbeidsstartveke og flyr til Oslo. Det er eigentlig ikkje noko før i morgon, men det er sosialt for de som reiser langt i kveld - derfor reiser eg tidlegare. Og ikke berre tidlegare, men for tidleg!



Eg skal på Nasjonalgalleriet før det stenger. Osloreisene er stort sett berre reiser og arbeid, men no såg eg ei sjanse for å faktisk vere der litt også. Berre nokon timar. Det blir ein deilig søndag!


mandag 10. september 2018

Turist i egen by og kulturturist

Inspirert av rapporten til Samarbeidsråd for kultur og reiseliv har vi de siste dagene bestilt billetter til to kulturarrangement utenfor Bergen kommune sine grenser. Ikkje det at vi ikkje får nok her heime, men det er så masse spanande som skjer - og som ikkje kjem til oss! Det er i alle fall noko nytt i familien. Kanskje er vi også inspirert av regionsreforma? Det er snart ikkje lenger så stor administrativ forskjell på vestlandet, og det påverka kanskje?
Greighallen
Ellers har vi etter sommarferien fått augene opp for musea i Bergen! Tidlegare har eg tenkt at det er KODE, og når de er utforska er det berre å vente på nye utstillingar. Men det er jo så mange fleire! Vi har besøkt Hanseatisk museum, og i helga var vi på Fiskerimuseet og Sandviksdagene. Kjempegøy!
Vikingskip

mandag 27. august 2018

Toppen av kransekaka

Etter at vi pussa opp nede i kjellaren vinteren 2016/2017 var vi så leie av oppussing at vi lovde kvarandre at NO skulle ting få vere som de var - lenge! Få månader etter endra vi begge barnerommene, men med kun litt maling på rommet til lillesøster var det ikkje heilt å rekne som oppussing. I år har vi gjort masse! Aller mest småplukk ute og små endringar inne, men vi har også hatt fagfolk på huset igjen, og det er noko av mine favorittfolk å ha i hus! Det er så deilig å vere på jobb og vite at det er folk i huset som jobber for oss, for å gjøre det fint for oss. Det er lukus! I tide til nok ein deilig sommarværperiode kom ny veranda bak huset.

Slik har det vore ut kjøkkendøra vår til no. Koselig trapp som vi har sitte masse på, finlagt mur der ungane har teikna med kritt, laga sølekaker, blåst boblet og leika masse! Puste brukte å sitte der, og Toulouse bruker av og til å sitte der. Her er sola frå lunchtider på sommaren og utover ettermiddag/kveld.
 Vi bytta først døra. Bare det gjorde ein så stor forskjell! Døra over her var halvglass, no har vi heil - og så mykje meir luft og lys som vi får inn i rommet! Eg kvepper ofte framleis, eg trur døra står på vid vegg, men den gjør den ikkje.
 I stua bytta vi det store vinduet som var frå 1968. Snakker vi lyd og varmeisolasjon? Ja :) Vi bytta også eit lite vindaug i trappa, og verandadøra på denne sida. Vi prøvde å gi vekk det meste på finn.no, men slike ting må passe perfekt, så etter mange henvendelser endte vi opp med å kaste alt. Det var i alle fall forsøket verdt.
Her er lengden på verandaen, klar til å legge på terrassebord.
Og slik såg det ut etter to dagar med bygging.
Vi flytta bak spisebordet som vi har hatt ståande på den andre verandaen. Her er den like ved kjøkkenet, så no slepper vi å bære maten gjennom huset når vi skal spise ute. Vi kjøpte sofa og nokon blomar; også er platningen heilt ferdig! Og det kom akkurat i tide til ny finværsperiode i juni! Det er så fint å ha veranda (eller platning?) ved kjøkkenet slik som dette, vi er så fornøyde!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...