Etter at vi pussa opp nede i kjellaren vinteren 2016/2017 var vi så leie av oppussing at vi lovde kvarandre at NO skulle ting få vere som de var - lenge! Få månader etter endra vi begge barnerommene, men med kun litt maling på rommet til lillesøster var det ikkje heilt å rekne som oppussing. I år har vi gjort masse! Aller mest småplukk ute og små endringar inne, men vi har også hatt fagfolk på huset igjen, og det er noko av mine favorittfolk å ha i hus! Det er så deilig å vere på jobb og vite at det er folk i huset som jobber for oss, for å gjøre det fint for oss. Det er lukus! I tide til nok ein deilig sommarværperiode kom ny veranda bak huset.
Slik har det vore ut kjøkkendøra vår til no. Koselig trapp som vi har sitte masse på, finlagt mur der ungane har teikna med kritt, laga sølekaker, blåst boblet og leika masse! Puste brukte å sitte der, og Toulouse bruker av og til å sitte der. Her er sola frå lunchtider på sommaren og utover ettermiddag/kveld.
Vi bytta først døra. Bare det gjorde ein så stor forskjell! Døra over her var halvglass, no har vi heil - og så mykje meir luft og lys som vi får inn i rommet! Eg kvepper ofte framleis, eg trur døra står på vid vegg, men den gjør den ikkje.
I stua bytta vi det store vinduet som var frå 1968. Snakker vi lyd og varmeisolasjon? Ja :) Vi bytta også eit lite vindaug i trappa, og verandadøra på denne sida. Vi prøvde å gi vekk det meste på finn.no, men slike ting må passe perfekt, så etter mange henvendelser endte vi opp med å kaste alt. Det var i alle fall forsøket verdt.
Her er lengden på verandaen, klar til å legge på terrassebord.
Og slik såg det ut etter to dagar med bygging.
Vi flytta bak spisebordet som vi har hatt ståande på den andre verandaen. Her er den like ved kjøkkenet, så no slepper vi å bære maten gjennom huset når vi skal spise ute. Vi kjøpte sofa og nokon blomar; også er platningen heilt ferdig! Og det kom akkurat i tide til ny finværsperiode i juni! Det er så fint å ha veranda (eller platning?) ved kjøkkenet slik som dette, vi er så fornøyde!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!