Kvardagen ruller seg sakte i gang. Heldigvis går det meste etappevis. Skulestart ei veke, leksestart og fotballstart ei veke. Speiderstart ei veke. Og sjakkstart ei veke. Og da er vi alt eit lite stykke uti september før heile kvardagen er på plass. Det er finfint. Det kan godt ta litt tid så vi rekker å bli vandt med det eine før det kjem noko meir.
Andre ting går litt fortare. Eg har tett program på jobb i heile haust, så det betyr at det er full innsats frå dag ein tilbake etter ferie. I alle fall så snart alle andre også er tilbake etter ferie! Flaks for meg at det er gøy altså! Også får eg øvd meg i å ikkje bli stressa. Det er lurt å være flink til det. Alt denne veka er først av fleire jobbturar til Oslo. Det har for så vidt ingenting med noko av det som tar masse tid å gjøre - men også det tar tid både før, undervegs og etterpå. Men i Oslo skal det vere sol. Her er det slik i dag:
Lillesøster skal på fotballtrening og eg har lovd å lage grove vafler til kveldsmat. Våt som ei kråke inn dørene - da er ekstra god kveldsmat på sin plass!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!