onsdag 15. august 2018

Museum, ny fjelltur og badestrand

Det var så fint med ferie at vi har tatt med oss nokon ferievaner inn i kvardagen. Det er jo berre lekkert!

 På laurdag hadde vi bydag med museum og lunch på Godt Brød. Å vere i Bergen sentrum slik som det saman med alle (de andre) turistane er nesten som å vere i ein hvilken som helst anna europeisk storby. Også fikk eg kjøpt meg ein stor blomst (som eg ikkje skulle ta med meg heim på flyet)!
 Det handler vel om det å gjøre noko nytt. Da kjem vi litt i feriemodus heile gjengen. På søndag var det meldt ganske så bra vær, så vi tok turen opp på Liatårnet, det høgaste fjellet på Sotra, 341 moh. På toppen var det fantastisk utsikt over skjærgarden!
 Vi gjekk vidare til Pyttane med det gamle og det nye tårnet. Vi fant ein vindstille plass ved det gamle tårnet og åt lunch.

 Lillesøster og eg hadde fleire høgdemeter igjen i beina og gjekk til det nye tårnet som låg litt lenger unna før alle gjekk samme veg tilbake. Heile turen vart nesten ein mil, men sidan det var så variert underlag kjentes det ikkje slik ut.
Siste finværsdagen før regn var i går. Vi satte oss rett i bilen etter jobb og sfo - lassa med grillmat og badeutstyr - bading til middag! Det var herleg i vatnet - barna og mammaene bada lenge før maten var klar! Nydleg! Etterkvart vart sola berre eit fjernt minne, og rett etter at vi kom heim begynte det å regne. Håper det ikkje var siste stranddag i år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...