fredag 15. januar 2021

Hei 2021

Når 2020 slutter med sjukdom begynner 2021 på samme sett. Heldigvis hadde eg heile 24 ulike tear i lausvekt fra A.C. Perch's Thehandel å velge mellom. I tillegg til julehefter og Mandelas bok ""Veien til frihet". Boka er utruleg god - men så krevande at eg måtte levere den tilbake til biblioteket før eg rakk å lese den ferdig.

 
Vakre juleblomar på kjøkkenet!

Det var iskaldt dei første vekene av januar! Eg vart betre og avspaserte ein time på dagtid for å få sol og frisk luft.


Det var krystallklar is på vatnet! Her har eg lagt mobilen nedpå isen og tatt bilete - så fasinerande! Nokre dagar seinare tok vi med oss skøyter og gjekk på isen. Mannen hadde også med drill så vi kunne sjekke dybden - 15 cm både inne ved land og langt utpå.
Nokre dagar etterpå vokna vi til ein søndag med snø! For ei glede! Vi var ute heile dagen! Eg gjekk tre turar og tikka inn på 22 000 skritt før kvelden kom.


No var det krystallklare vatnet ikkje lenger så klart. No tørr vi oss ikkje utpå!

Kveldstur med venninne med Lyderhorn skinnande mot oss! Snø altså!!
Det er ekstra koselig å komme heim når det er snø - hei hei vinterlys!
Utsikt frå verandaen vår i blåtimen. Snø snø og snø (kan ikkje få nok bildeter av slik ein sjeldenhet)!
Dagen etter snøfalldag og mange turar ut vokna eg og var sjuk - igjen! Da valgte eg å teste meg, om ikkje anna så for at eg skulle sleppe å vurdere om eg skulle gjøre det. Under 24 timar seinare fikk eg testresultatet som heldigvis var negativt.
Det betydde nok ikkje at eg var frisk, så eg måtte sitte inne ei heil veke medan det var sol og snø ute. Så langt har 2021 vært ganske under middels vil eg seie. Snø veger litt opp, men thats it. Men når eg etterkvart er betre igjen tenkjer eg at det blir bra!

tirsdag 5. januar 2021

Juleferieliv

Maja Lunde sin "De første dagene" gikk fort å lese. Det er ikkje mange månadane sidan mars 2020, men når eg las om dei kom eg på mykje eg hadde gløymd frå dei første vekene med koronatiltak. 
Nokon tar det heilt med ro.
Andre gjør det motsatte. Eg var med på Adventsulta - 100 km mellom 1.-24.desember. Eg kom i mål (eller til Oslo da - lizzom) 17.desember. Utover nokre gåturar og ein joggetur etterpå var det treninga i desember (men herreminfred det var jo bra det!).
Booka skøytetid i 11 varmegrader på Slåtthaugen. Det er så gøy å suse!!
Vi har oppussingsplaner for 2021, og storebror er alt i gang med å pakke utav rommet. Her er det masse lego som skal oppbevaras til eigne barn :)
Regn og blå himmel. Utsikt frå heimekontoret.
For første gong sidan 2008 bakte vi pepperkaker utan vår faste medbakarfamilie.
Kø utanfor Vinmonopolet nokre dagar før jul.
Ost og kjeks, julebrød og lefser, Kvelden før kvelden.
Lystur 1.juledag.
Trifledessert med gele, klementiner, knust pepperkake, vaniljekrem og rips (og enkelte solbær).
Det hev ei rose sprunge. Også midt på vinteren. 
Romjulstur i skogen med gode venner. Mitt første (seriøst!) bål der eg hadde heile ansvaret!
Vi hadde oss ein bydag med middag og dessert på den nye crepe-resturanten i gågaten. Nam! Nett som i Paris!
Årets pepperkakebyggverk til nedstøving og eting vart eit tog. Nokon hadde forelska seg i ein pepperkakeutedo på instagram og ville absolutt lage det! Det var meg. Kom inn om du må!

2020 vart avslutta med sjukdom slik at vi måtte avlyse den planlagte nyttårsfesten vår med fire gjester. Nyttårsafta vart likevel fin med veldig masse fyrverkeri heile kvelden! De fleste av oss synas det var knall, men Toulouse var redd heile kvelden stakkar. Vi lot han bruke huset som han ville slik at han kunne finne ein stad han følte seg trygg. Lenge var det i sofaen hos meg, men så gjekk han ned på badet nede og la seg. Det tok nokre dagar før han var heilt seg sjølv igjen.
Men - takk for følget 2020. Du kunne ha vore betre. Men du kunne også ha vært verre!

torsdag 17. desember 2020

It's beginning to look a lot like Christmas

I begynnelsen av desember var vi så heldige at vi var to av tjue som fikk lov å gå på konsert i Håkonshallen! Statsraad Lehmkuhl hadde pynta seg til jul!


Det er så stemningsfullt på Festningen. Det synes eg uansett om det er jul eller sommar. Her på veg inn.
I Håkonshallen hadde vi eit fantastisk musikalsk møte med Trygve Skaug! Gjett om vi har høyrt masse på han etterpå!
Lillesøster har lært om jødedommen på skulen og hadde forlysta seg på bilete av eit brød som var i boka ho bruker. Det var Challa, ein jødisk fletteloff. Eg fann oppskrifta og bakte det til første fredag i desember. Det smakte kjempegodt! 
Spasertur i skogen for å få dagslys. Blikkstille vatn.
Vi reiste til Os og gjekk i stummande mørke til venar som hadde satt opp camp for natta inne i ein skog. Vi grilla kveldsmat og ungane leika gjømsel i mørket! Kjempegøy!
Dagslysturar både laurdager og søndager er viktig. Ekstra deilig er det når det er litt blåfarge på himmelen.

Ein dag hadde eg eit jobbærend på butikken og gjekk den lange og bratte vegen begge vegar for å utnytte muligheten for lys og luft midt i veka! Dette er like ved huset vårt og klokka er 13:30. Sola er lav, men den er der!
Julebord med jobben - heilt på ekte! Det var første gong vi såg kvarandre live sidan 12.mars. Her frå heimekontor samme dag då det var digital lansering av eit spanande prosjekt - og høve til å drikke te og lakkere neglene. 
Lillesøster og eg bakte sitronkjeks. Nok ein ny julekaketype som gjekk rett i kakeboksen. Etter nokre smaksprøver sjølvsagt.
Ein laurdag gjekk eg og ei venninne på Afternoon Tea i byn. Lekre smørbrød, deilige kaker, nybakt scones og te i litervis. Det kan knapt bli betre!

torsdag 3. desember 2020

Neverending november


Håkonshallen i pepperkakeversjon står klar til å bli frakta til Pepperkakebyen. De delte ikkje ut pepperkakemedaljen i år, men vi gleda oss til å sjå bygget vårt fint plassert. Like etterpå fikk vi enda strengare reguleringer i byen, og Pepperkakebyen vart stengt før den rakk å opne. 
Akvariet hadde pynta til Halloween, og søndag 1.november var vi på plass idet de opna for å sjå. Ganske raskt kom det veldig mange folk. så det vart eit kort besøk for oss.

Avlyst Oslo-tur resulterte i konferanse på nett med moglegheit til strikking. Det er jo luksus, men eg skulle heller ha vore på tur i nokre dagar og sett folk og spist godt.
Tur i skogen der eg møtte denne langstrakte karen!
Farsdagstur i nærmiljøet. Leikeplasstopp og sølepyttar med himmel i seg.
Aktivitetstilbod til oss over 20 vart avlyst pga corona. Eg hadde stemmeøving med koret på Zoom i heile november. Julesongar i stua - god stemning :) Men ikkje heilt koropplevelse.
Lillesøster er teikna av ein kunstnerisk sjel og det likna jo! 
Utviklingssamtale og tid til å rusle i parken med mannen for å unngå trengsel i gangen medan vi venta.
Varme helgedagar inviterar til sykling! Eg har kjøpt meg ei stor ringeklokke som ringer milevis (føles det som), slik at alle veit at her kjem det nokon rullande! Denne dagen sykla vi storebror sin faste sykkelrunde på heile 11.31 km!
Det snødde ein heil arbeidsdag, så da middagen satt der den skulle løp eg ut i skogen med stjerner i augene og tru på at no skulle eg springe blant snøtunge trær. Det var ikkje heilt slik, men snø okkesom.
Det er høge smittetal i Bergen i heile november så vi leitar etter nye måter å underholde oss på. Her prøver vi å lære Toulouse å spele Kast grisen. Da han vart for engasjert måtte vi avslutte.
Vi lånte tørkemaskin av nokon venar og tørka haugevis med jobbfruktepler som jobben til mannen framleis handlar inn mengder av - til tross for at de aller fleste er på heimekontor.
Alle joggeturar er i mørket med refleksvest. Perfekt joggevær egentlig, men det kunne godt ha vært lyst.
Søndagstur med bossplukking langs vegen for meg og lillesøster. Vi enda opp i nærskogen der vi satte oss i ein fin gapahuk og drakk te og las litt julebøker. Det vart fort kaldt, men for nokre små minutter med varm te mellom hendene var det heilt magisk.
Årets første julekaker kom i boks første søndag i advent, 29.november. Dette er egentlig Red velvet cookies, men eg var tom for raud konditorfarge. Det skulle være kvit sjokolade i midten, det hadde eg heller ikkje, så det vart nonstop. Men de vart kjempegode alstå. sjølv om de ikkje likna på biletet eg fann på nett!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...