torsdag 3. desember 2020

Neverending november


Håkonshallen i pepperkakeversjon står klar til å bli frakta til Pepperkakebyen. De delte ikkje ut pepperkakemedaljen i år, men vi gleda oss til å sjå bygget vårt fint plassert. Like etterpå fikk vi enda strengare reguleringer i byen, og Pepperkakebyen vart stengt før den rakk å opne. 
Akvariet hadde pynta til Halloween, og søndag 1.november var vi på plass idet de opna for å sjå. Ganske raskt kom det veldig mange folk. så det vart eit kort besøk for oss.

Avlyst Oslo-tur resulterte i konferanse på nett med moglegheit til strikking. Det er jo luksus, men eg skulle heller ha vore på tur i nokre dagar og sett folk og spist godt.
Tur i skogen der eg møtte denne langstrakte karen!
Farsdagstur i nærmiljøet. Leikeplasstopp og sølepyttar med himmel i seg.
Aktivitetstilbod til oss over 20 vart avlyst pga corona. Eg hadde stemmeøving med koret på Zoom i heile november. Julesongar i stua - god stemning :) Men ikkje heilt koropplevelse.
Lillesøster er teikna av ein kunstnerisk sjel og det likna jo! 
Utviklingssamtale og tid til å rusle i parken med mannen for å unngå trengsel i gangen medan vi venta.
Varme helgedagar inviterar til sykling! Eg har kjøpt meg ei stor ringeklokke som ringer milevis (føles det som), slik at alle veit at her kjem det nokon rullande! Denne dagen sykla vi storebror sin faste sykkelrunde på heile 11.31 km!
Det snødde ein heil arbeidsdag, så da middagen satt der den skulle løp eg ut i skogen med stjerner i augene og tru på at no skulle eg springe blant snøtunge trær. Det var ikkje heilt slik, men snø okkesom.
Det er høge smittetal i Bergen i heile november så vi leitar etter nye måter å underholde oss på. Her prøver vi å lære Toulouse å spele Kast grisen. Da han vart for engasjert måtte vi avslutte.
Vi lånte tørkemaskin av nokon venar og tørka haugevis med jobbfruktepler som jobben til mannen framleis handlar inn mengder av - til tross for at de aller fleste er på heimekontor.
Alle joggeturar er i mørket med refleksvest. Perfekt joggevær egentlig, men det kunne godt ha vært lyst.
Søndagstur med bossplukking langs vegen for meg og lillesøster. Vi enda opp i nærskogen der vi satte oss i ein fin gapahuk og drakk te og las litt julebøker. Det vart fort kaldt, men for nokre små minutter med varm te mellom hendene var det heilt magisk.
Årets første julekaker kom i boks første søndag i advent, 29.november. Dette er egentlig Red velvet cookies, men eg var tom for raud konditorfarge. Det skulle være kvit sjokolade i midten, det hadde eg heller ikkje, så det vart nonstop. Men de vart kjempegode alstå. sjølv om de ikkje likna på biletet eg fann på nett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...