mandag 11. januar 2016

"Vinkemannen"

I dag reiser eg vekk saman emd kollegaer for å planlegge året som vi så vidt er begynt på - men viktigare enn det - vi skal på hotell!! Vi skal på hotell med knakandes flotte bademuligheter og nydelig mat! MMMMM!!


Apropos jobb og der vi eigentleg held stad - vi deler inngangsdør med eit anna firma. Akkurat i vindauget ved inngangsdøra satt det ein kar. Han var alltid komt på jobb når eg dukka opp i 8-tida, og han satt der alltid da eg reiste heim kl15:30. Og han vinka. K V A R  E I N A S T E  G O N G! Eg snakka aldri med han, men han vinka sånn veldig masse kvar einaste gong eg gjekk forbi. Dette gjalt ikkje berre meg, men alle vinka han til. Lite og feminint, eller stort og voldsomt. Rett innanfor vinduget. Nokre cm unna der ein står og skal gå inn.

Dette var sjølvsagt ein snakkis på kontoret, vi kalte han for "vinkemannen" og nokon hadde til og med snakka med han. Heilt normal sa de. Men så var det den vinkinga da.

Tre år i samme hus gjekk, og no like før jul flytta de. Det var tomt i vindauget nokre dager, også dukka denne teikninga opp.
LÆTTIS!!!
De har nok snakka like masse om korleis vi reagerte på vinkinga som vi snakka om kvifor han vinka. Vinkemannen er historie. Nokon av oss saknar han, medan andre synas det er ei sann glede å få kunne gå inn døra på jobb utan å forholde seg til noko som er litt rart. :)

søndag 10. januar 2016

Etter deg

"Etter deg" er oppfølgaren til suksessen "Et helt halvt år". No er Will død - kva gjør Louisa no?
Dette er ei bok om sorg, og det som blir snakka om i sorggruppa Louisa går i ligger det nok masse fint. Slik sett er boka fin å lese om ein sjølv er i ein sorgprosess. Sjølv om eg ikkje er det var det ok å lese om korleis sorg kan vere. Louisa prøver altså gjennom heile boka å finne eit liv etter at det som var heile livet hennes i ei periode ikkje lenger er. Eg er skikkelig uenig med valga ho gjør, men det ordnar seg til slutt - og da er det jo bra. Det er vegen, ikkje sant? - ikkje alltid målet. Like halvgod som "Et helt halvt år"; kanskje til og med litt betre!

Og; det er nesten så ein luktar ein oppfølgar her!

lørdag 9. januar 2016

Rundstykker av restegrønsaksgørr

Eg laga ein ny porsjon av Supershot'ten denne veka. Mmmm! Denne gongen bytta eg ut brokkolistilken med nokre mjuke gulerøtter som hadde overlevd jula - man taver det man haver. Når juicen er komt ut er det ein heil del gørr igjen frå grønsakene. Dette har eg tidlegare kasta medan eg har murra i skjegget om at dette må da kunne bli brukt til noko! Så denne gongen juica eg ein ettermiddag eg hadde ingen planer - så eg kunne bake rundstykker. Eg blanda saman ymse grovt mjøl til deig, og røre grønsaksrestane ut i lunka vatn som eg helte i. Det heva som berre det, og nybakte rundstykker med smør og ost smaker alltid godt.
Det var sjølvsagt litt rart med ingefærsmaken som innimellom dukka opp, men ellers var det god stemning og ikkje minst ei god kjensle av at ALT vart brukt!

fredag 8. januar 2016

Lesehest

Lillesøster er ein lesehest! Ho sitter nesten kvar dag i opptil ein halv time og leser. Lile ungen som ikkje ein gong er femogeithalvt enda! Vi har lånt nokre "Løveungen"-bøker på biblioteket som ho susa igjennom ein del gonger, men ellers har ho funnet ut at ho skal øve seg på de små bokstavane, og da tar ho bøker ho liker frå bokhylla og leser de.
Til venstre er ei Tambarbok av T.Å. Bringsværd - vi elsker de bøkene! I midten er ei notisbok ho fikk i kalenderen i desember, den skriver ho i - for ho øver seg på det også seier ho. Innimellom har ho også skrive av bøkene, for å øve seg slik. Bøkene til høgre er biblioteksbøker. Ho har lært å lese heilt sjølv, og no ser det ut som om ho kjem til å bli veldig god å lese heilt sjølv også!

torsdag 7. januar 2016

Jula 2015

Før det er altfor seint etter jula kjem eit aldri så lite bilderas som viser noko av det vi har brukt juleferien vår på!
Frå den eine tanta mi i Ålesund kom ein spanande førjulspakke med Kvikk Lunsj-huer til ungane, og fine trær til å henge på vinglass til oss. På lille julafta hang eg de opp på rosene - så fine! Legg også merke til marsipangrisen som står klar!
Vi spiser julegraut lille julafta, og i år var det lillesøster som fann hasselnøtta i grauten. Det vart hasselnøtt sidan mannen hadde spist opp mandlane; kremt! :) Nissehuene er eigentlig eggvarmere, men denne jula brukte vi det som bordpynt.
Nissen kom natt til julafta og det var masse gåver både i sokkane og under treet! På førmiddagen lagde vi mat og såg Tre nøtter til Askepott alle saman før vi gjekk i kyrkja. Pinnekjøttmiddag, riskrem til dessert, siste episode av Julekongen OG SÅ!!!! Gåveopning! Ungane fikk kvar sin gåve annankvar gong, så vi tok det ganske så roleg og tok fleire julekakepauser undervegs. Begge var i seng litt etter vanleg leggetid, men ikkje så masse.
Det var regn og masse vind på julafta, 1. og 2.juledag. Men søndag 27. desember var det kjempevær!
Det passa bra, for vi måtte ha oss ein tur ut. Vi gjekk opp på eit lite fjell vi har like ved, og nøyt solstrålande i fulle drag! Denne dagen vart vi til og med sultne før neste måltid, det var fint!
Saman med finværet kom kulden, og da kjem Puste inn. Ho liker seg godt under treet. Perlepynten fikk lillesøster i julegåve av ei av venninnene sine. Det fine teppet som ligger under treet og Puste er det svigerinna mi som har laga til oss!
I romjula tok vi båten til Florø for å besøke familie der. Det var nydleg soloppgong på vegen nordover, den kjem ikkje til sin rett på dette biletet i det heile tatt!
Det er luksus med båt! Vi får lese, og ungane får spele på nettbrett eller sjå film på leikerommet de har. Eller begge henge ved vindauget og sjå ut på bølgene.
I Florø var det varmt! Vi gjekk ein tur opp på Brandsøyåsen den eine dage vi var der, og da var det nesten 12 varmegrader! Det blåste kjempemasse, men det var så mildt og fint!


På toppen var vi berre lenge nok til å skrive oss i boka, så gjekk vi litt lenger ned for å finne ly der vi kunne spise lunch.
På nyttårsafta var det familiemiddag med pinnekjøtt og multekrem. Etterpå gjekk ungane nyttårsbukk og fikk med seg masse deilig snop tilbake! Med voksne i hus kunne eg og mannen ta turen til byn for å sjå Kjippen - eit karnevaltog som går igjennom byn akkurat ved midnatt. Det var så stemningsfylt og gøy - det er kjempelenge sidan vi har gjort det!
Etterpå brant de opp det gamle året, dvs alle plakater og byggverk som var blitt frakta igjennom gatene, og  i starta med nye, kvite ark! 2.januar tok vi båten heim igjen, og no var gradene på veg ned igjen! Denne veka har det vore minus 9 grader om morgonen hos oss, og det er KALDT! Frå 12 varme til 9 kalde på ei veke! Haha, frå ferie til jobb på ei veke også ;)

onsdag 6. januar 2016

Supershot!

Vintertid er influensatid - noko vi vil unngå om vi kan. Noko som kan hjelpe er denne supershot-oppskrifta som gjer kroppen masse gode vitaminer! Og ein sterk kropp tar vel livet av eventuelle basselusker som kjem inn? Det vel eg i alle fall å tru!
I jucaren med ein sitron (ta av skallet), to tomlerstore bitar med fersk ingefær (ta av skallet her også), ein agurk - og eg tok med stilken på ein brokkoli. Spe juicen med 1 dl vatn og oppbevar i kjøleskap. Eg drakk eit lite glass kvar dag til det var tomt. Ganske godt, om ein liker ingefær (og det gjør eg) - og litt hot! Frisk var eg før eg begynte, og frisk var eg etterpå også.

tirsdag 5. januar 2016

Pepperkaketog

Sidan denne bloggen heiter Pepperkakefjellet må eg jo for ein kvar pris skrive om pepperkaker. Det henger saman med jul, så det blir ikkje ofte, men her er nok eit pepperkakeinnlegg!
Heime hos oss sjølve lagde vi i år Pepperkaketog! Mannen lagde spesial pepperkakehusdeig som skulle vere ekstra sprø og fin. Eg var på julebord da denne vart laga, men de lagde ei vogn til meg også. Slik vart det eit lokomotiv (storebror) og tre vogner.
Vi pynta kvar vår vogn, så dette var midt i blinken for oss som har eit overutvikla likhetsgen. Min vogn vart fylt av pepperkakejuletrær!
Det er om å gjøre å køyre på med snop! Vi knuste vognene våre på laurdag, og har siste rest med pepperkaker til dessert i dag.Oppskrifta som vart brukt var veldig god, så pepperkakene er framleis sprø og fine! Sikkert litt nedstøva også, men det bryr vi oss ikkje om!

Farvel -middagen i går vart tristare enn eg hadde forutsett, med tårer og trist stemning idet vennane våre gjekk ut døra - så i natt har eg rett og slett sove dårleg. Trøtt som ei strømpe skal eg likevel på trening i dag. Tysdagar er ungane sin fritidsaktivitetsdag, men de har ikkje begynt på'n igjen etter ferien, så eg må benytte høve til å gå på pilates; tysdagstrening eg aldri får vere med på ellers. Dette blir bra! :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...