tirsdag 17. juli 2012

Minnekrukker

Dette er eit tips eg har tatt frå eit blad. Minnekrukker skal gjøre dokumentasjonen av barndommen enklare - for å seie det litt vitskapleg.
Vi har plassert krukkene på kjøkkenet, slik at det skal vere "låg terskel" å ta de i bruk.
Når vi hugsar det skriver vi ned små og morsome ting som har blitt sagt eller gjort og legger det i riktig krukke. Slik vil, trur vi, fleire ting bli hugsa - og det er alltid kjekt.

No gjennstår det å sjå om dette blir knall eller ball. Eg føler også for å spesifisere at med "vi" meinar eg "eg". Trur ikkje far i hus har det samme dokumentasjonsbehovet som meg;)

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...