Jada - vi har hatt sol (og snø og regn) - men desse bileta er frå i fjord sommar.
Dåpen var flott, og eg og mannen fikk kjenne korleis det var å ha "store" unger. Storebror leika med ei togbane og lillesøster fann to jenter som ho hang saman med. Da kunne vi sittje og slappe av og ja...slappe av. Det var supert! Deilig mat og mykje gode kaker er heller ikkje feil:)
I dag, måndag, avspaserte vi og tok oss god tid heim til Bergen. Lillesøster synes framleis at smukkeslutt er vanskelig; noko som har ført til masse grining på felles soverom i helga. Eg tviler på at det blir mindre grining no, men det er i alle fall "lettare" når ho er på eige rom. Ho har verkeleg blitt sutrete etter at ho gav smukkane til fiskane i påska. Eg trur vi rett og slett har provosert fram ei trassperiode på heile greiene. Sukk og stønn og stakkars
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!