tirsdag 11. juni 2013

Pus i graset

I den grad eg driver med anonym blogging kan eg endelig vise eit fint ansikt her! Pusen vår lever gode dager med sol og unger som synes det er skikkelig stas å gje ho små kattedrops som vi kjøper på dyrebutikken.
Ho vart funnet på gata da ho var rundt 10 veker saman med ein bror og mammaen sin. Bror og mor gjekk til dyrebeskyttelsen medan Puste vart beholt av den familien som fann de. Vi fikk ho da ho var rundt 17 veker. Da hadde ho gått frå å vere ein villkatt til å måtte leve i ein familie med 3 små og ville hunder, to springande unger og to slitne foreldre. De måtte hale ho fram frå under ei seng da vi henta ho - ein liten ball. Dette var i februar 2004. Vi hadde ho lenge inne i leiligheta vår i Sandviken slik at ho vart tam. Etter eit halvt år var ho kosete og glad, så da fikk ho gå ute i bakhagen. Der fikk ho seg ein type, og vart gravid. Tre nydlege kattunger kom til verda samme kveld som siste episode av "Friends" vart sendt i Noreg :) Kattungane solgte vi etter 12 veker, de var heilt nydlege - og veldig kosete og trygge.
Da vi flytta til Laksevåg etter at vi hadde reist jorda rundt steriliserte vi ho, og ho var innekatt i nokre år. Når vi flytta inn i huset vi bur i no klarte ho å snike seg ut eit par gongar, men ho kom alltid heim igjen - så no er ho utekatt igjen. Etter at vi fikk unger og de har blitt større har det blitt mykje mindre pusetid og kosing. Vi ser at ho er prega av ein tøff start. Ho er skeptisk, redd, skvetten og sky. Det har ho vore heile tida, men i meir eller mindre grad. Ho er stort sett ute heile tida, ho kjem inn seint på kvelden og er inne om natta, også slepper mannen ho ut om morgonen.

No som ungane gjer ho snop held ho seg masse i området rundt kjøkkenet slik at vi ser ho der. No kan ho ligge i graset medan ungane leikar like ved, og det synes vi er veldig kjekt! Det er BRA for unger å ha eit dyr som de tar vare på. Når vår katt er så sky lærer ungane seg å vere rolege og stille rundt ho slik at ho vil komme til de og spise maten de har i handa og få ein liten kos. De er veldig flinke begge to! Puste liker de godt no som ho får snop av de, og gnir seg borti hendene deires og snakkar til de. Det er stor stas!

Til tross for særeigenheter; vi synes ho er nydeleg og sjarmerande. Vårt eldste barn og den vakraste katten vi har sett. "Jeg elsker kun hvite puser" sa storebror da han var tre år. Yes - vi elsker i alle fall Puste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...