mandag 10. juni 2013

Sommarferieklare!

De siste fire helgene har vi vore aktive med Løvstakken Opp, 4-fjellstur, arbeidshelg og i helga I Form-løpet i Bergen. I går kunne vi puste ut - samtidig som vi var ute på vift heile dagen. Førmiddagen brukte tre av oss i hagen medan storebror valgte å leike med sjørøverskuter på rommet sitt. Knallsol, men kald vind!

Vi har heile fire veker igjen til vi begynner på ferien vår, men ÅHHH som vi gleder oss! I dag har eg booka hytter på campingplassar både i Noreg og Sverige, og gler meg ordentelig til å komme inn i sommarferiemodusen der mellom anna de huslege kravene nesten forsvinner! Vi skal treffe venner i sommar også, det er alltid ekstra kjekt! Vi skal ha ein dag i Lilleputthammer, bortsett frå det har vi ingen konkrete planer, men eg har booka oss inn på campingplasser med aktiviteter i nærleiken. Museum, bading, minigolf, spanande skogar - det er sommar for oss!

I følgje pent.no er dette siste dagen med sol på ei stund. Vi skal utnytte den med å klippe plenen, eg skal jogge ein tur, og spise kveldsmat i solveggen bak kjøkkenet (det gjør vi så ofte vi kan - og det har vore ofte den siste månaden). Vi skal også ha eit firma på befaring for å sjå på badet vårt, vi er utolmodige etter å komme i gang med rehabliteringa der!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...