|
Bilete frå ein anna gong vi hadde huset fult av unger - her søskenbarn og tremenninger på Halloweenfest i haust. |
I dag har eg gått litt tidlegare heim frå jobb for å lage middag til førskulegruppa i barnehagen. Vi har invitert alle heim til oss etter barnehagen i dag, du må tru mannen gler seg til å hente heile flokken! Det skal lønne seg å bu i gåavstand til barnehagen :) Eg lagar fiskebollar i kvit saus med poteter og gulerøtter til alle saman til middag. Etterkvart skal vi ha kino i stua. Storebror har laga flotte billetter til alle saman, og han skal sjølvsagt vere billetør i døra! Vel inne på kinoen blir det servert popcorn, pepperkaker og julebrus! Vi skal sjå "Arthurs Julegaverace" - ein spanande og koseleg julefilm som vi kjøpte i fjord og likte veldig godt.
Med andre ord har vi ein kjekk ettermiddag foran oss med mange barnestemmer i huset!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!